NEDPRIORITERT: – Dette er ei gruppe som har falle mellom alle stolar opp gjennom åra, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) om rus- og psykiatripasientar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NEDPRIORITERT: – Dette er ei gruppe som har falle mellom alle stolar opp gjennom åra, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) om rus- og psykiatripasientar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Rustar kommunen til å ta imot rus- og psykiatripasientar

– Dette er ei gruppe som har falle mellom alle stolar opp gjennom åra.

Årdal: Det seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap), som på vegne av eige parti varsla at dette var noko dei ønskte å prioritere i åra som kjem under handsaminga av økonomi- og handlingsplan.

– Dette er ei gruppe som er aukande i Årdal, og ei gruppe som har falle mellom alle stolar opp gjennom åra. Dei ropar ikkje høgt, og me som politikarar er pliktige til å sørge for at dei får levelege vilkår og rett på den helsehjelpen dei har krav på. Eg meiner me må gjere alt me kan for å leggja til rette for det, seier Brandsdal til Porten.no.

Det er fire år sidan samhandlingsreforma vart innført, og kommunane fekk då større ansvar for pasientar. Frå neste år er dei også pliktige til å gje strakstilbod innan rus og psykiatri. Klarar dei ikkje det, vankar det bøter som skal betalast til sjukehusa.

Utfordringar på butilbud

Av rusmiddelpolitisk handlingsplan, som nyleg vart vedteken i Årdal, går det fram at Årdal har ei særleg utfordring knytt til bustader for rusmiddelavhengige. Av den same planen kan ein lese at kommunen også har utfordringar innanfor nettopp denne pasientgruppa. 

– Eg bad om ein status på kor langt kommunen er komen i førebuingane, som eg skal få i første formannskapsmøte etter sommaren. Det må leggjast ein plan for dette arbeidet. Me har sett av prosjekteringsmidlar i revidert budsjett. I tillegg har me sett av éin million kroner årleg til ombygging av Tangavegen 14 og Storevegen 2. Då er iallfall dette sikra økonomisk, seier ho.

Rigmor Svanberg, kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal, fortel at det i økonomiplanperioden også er lagt opp til finansiering av døgnbemanna butilbud i Tangavegen 14 mellom anna ved å omfordela ressursar i spesialomsorg.

– Når det gjeld akutt tilbod, er dette noko me vurdere eventuelt bør samlokaliserast med KAD-sengene i Lærdal, men det er ikkje noko som er avgjort. Dette er eit interkommunalt samarbeid som skal evaluerast i haust, seier ho.

Har kompetanse

Svanberg meiner Årdal har kompetanse til å ivareta ansvaret som følgjer med samhandlingsreforma.

– Men eg føreset at kommunen vert tilført midlar for å verte sett i stand til å gjennomføre reforma også på dette området. Det vert ei ny stor utgift når det gjeld drift av døgnbaserte butilbud og akuttsenger. 

– Det må ikkje bli slik at finansiering av tenester til ferdigbehandla pasientar skjer på bekostning av førebyggjande tiltak og lågterskeltilbod. Kommunen er ansvarleg for tenester på alle nivå i omsorgstrappa også på dette området, legg ho til.

Etterlyser midlar

I april sa helseminister Bent Høie at dei økonomiske rammene ville kome i kommuneproposisjonen i mai. Men no er det skubba til statsbudsjettet til hausten. 

– Så får me sjå om det kjem i budsjett for 2017. Regjeringa har sagt dei skal satse på rus og psykiatri, så eg forventar at dei følgjer opp, seier Brandsdal. 

Kommunen jobbar også med å tilsette ein psykolog. Brandsdal fortel at det allereie finst ein person i Årdal med denne kompetansen, men sidan utdanninga er teken i utlandet, er ikkje denne godkjent.

– Me har tidlegarre fått midlar til psykolog og har hatt aktivt rekrutteringsarbeid utan å lukkast. Ei slik stilling vil vere sentral for å dekke kompetansebehovet. Me arbeider no me å få til slik rekruttering internt i kommunen, seier kommunalsjef Svanberg. 

Til toppen