OPPGRADERT VERSJON: Endre Timberlid i Amlabukti grendalag gler seg over at det oppgraderte badeanlegget i Amlabukti no er klart til å bli tatt i bruk. Alt er bygd på dugnad, med sponsing frå det lokale næringslivet.

Rustar opp stupetårnet til badesesongen

Folk på Kaupanger har god grunn til å glede seg litt ekstra til sommarsola. 

Kaupanger: Takka vere dugnadsinnsats og ei gåve på 100.000 kroner frå Sogndal Sparebanks jubileumsfond har området ved stupetårnet på ferjekaia på Kaupanger fått ei skikkeleg oppgradering.

– Det betyr noko for heile Kaupanger. Stupetårnet blir nytta av born og ungdom gjennom heile sommaren og me har òg brukbart belegg ved gjestehamna. Det kjem folk både frå fjorden og langs vegen. Det får me veldig skryt for, det er ikkje så mange gjestehamner i Sognefjorden, seier Endre Timberlid i Amlabukti grendalag.

Les også: Dei har planen klar for stor idrettspark
Les også: Stor framdrift i planane om Vitensenter

På kvar side av stupetårnet har det kome trapper ned i fjorden. Parallellt med ventefilene på ferjekaia og fjorden har det kome eit sitteamfi der folk kan kose seg i sola.

–  Det blir mykje betre moglegheiter til å vere her over litt tid, både sola seg og grilla, ikkje berre komma og reisa att, seier Timberlid.

FJORDTRIBUNE: Til sommaren blir det truleg ekstra mykje folk og liv på kaia når det oppgraderte badeanlegget står klart til å bli tatt i bruk.
FJORDTRIBUNE: Til sommaren blir det truleg ekstra mykje folk og liv på kaia når det oppgraderte badeanlegget står klart til å bli tatt i bruk.

Til toppen