SVIKT: Helse Førde vedgår rutinesvikt.
SVIKT: Helse Førde vedgår rutinesvikt. (Foto: Arkiv/Halvor Farsund Storvik)

Rutinesvikt førte til at bakteriesmitta lege ikkje vart testa

Helse Førde vedgår at svikt i rutinane førte til at ein lege gjekk på jobb i fem dagar, sjølv om han var smitta av farleg bakterie.

Sogn og Fjordane: Tidlegare i juni vart det kjent at ein utanlandsk lege i Helse Førde hadde testa positivt på MRSA, ein bakterie som er motstandsdyktig mot vanleg antibiotika.

Helsepersonell som har vore på sjukehus i utlandet skal testast for MRSA før dei byrjar på jobb i Norge. Legen hadde jobba på sentralsjukehuset i Førde i fem dagar då tabben vart oppdaga. 

Etter å ha undersøkt saka skuldar Helse Førde no på rutinesvikt, melder Firda. Ved ein feil vart ikkje eit kartleggingsskjema frå den utanlandske legen registrert motteke av leiaren.

– Dette er ein feil som ikkje skal skje, og me har sett i verk tiltak for å sikra oss mot tilsvarande rutinesvikt i framtida, seier avdelingssjef for medisinsk klinikk i Helse Førde, Laila Haugland, i pressemeldinga som avisa siterer.

Rutinesvikten medførte at 39 pasientar som legen hadde vore i kontakt med måtte bli testa for smitte. Ingen av dei fekk utslag. Heller ingen tilsette er smitta.

– Legen brukte smittevernutstyr ved all pasientkontakt, og heldt avstand til kollegaer i tråd med smittevernreglane, seier Haugland.

Til toppen