DEBATT: Om rv. 52 over Hemsedalsfjellet (på biletet) eller rv. 7 over Hardangervidda skal prioriterast som nasjonalt vegsamband aust-vest er gjenstand fotr debatt. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
DEBATT: Om rv. 52 over Hemsedalsfjellet (på biletet) eller rv. 7 over Hardangervidda skal prioriterast som nasjonalt vegsamband aust-vest er gjenstand fotr debatt. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

MEININGAR

– Rv.7 gjer mest for flest

Til sjuande og sist er det våre fremste folkevalde som skal trekkje konklusjonane og bra er det! skriv ordførarane i Eidfjord og Flå.

  • Endret

I eit lesarinnlegg som stod på Porten 2.juli, har fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling,  klare synspunkt på val av aust – vest samband, på vegne av Vestlandet.

Statens vegvesen arbeidar akkurat no med kva fjellovergang som skal vera nytt nasjonal hovudvegsamband mellom aust og vest; Rv.7 over Hardangervidda eller Rv.52 over Hemsedal. Deira faglege tilråding kjenner vi fyrst etter 1. september i år, men då dei førebelse utgreiingane vart presenterte 20. juni i år viste det tilnærma dødt løp mellom dei to vegsambanda. Talmaterialet er på ingen måte ferdig, så at ein no kan trekkje så eintydige og bombastiske konklusjonar om kva som blir fasiten til hausten, slik fylkesordføraren frå Sogn gjer, blir noko oppsiktsvekkjande. Spesielt når konklusjonane hennar blir framført som det beste for Vestlandet, og som eit fasitsvar som ein kan setje to strekar under. Ingen av delane står til truandes.

«Hemsedalsfjellet kjem best ut på all parameter.» Slik summerer Følling Statens vegvesen sine foreløpige konklusjonar og fortel ikkje med eit ord at Rv.7 blei framheva som betre i forhold til effektar for regional sysselsetjing og reiselivsutvikling og omsyn til trafikktryggleik. At vegen framleis er og blir den kortaste og raskaste vegen mellom våre to mest folkerike landsdelar fekk fylkesordføraren frå Sogn openbert heller ikkje med seg. Ho hadde kanskje bestemt seg før ho kom på møtet?

Vi skal ikkje leggje skjul på at Rv.7 er vegen vår og vi ser store gevinstar i ei sterkare prioritering av dette vegsambandet, enn det vi kan forvente at fylkesordføraren frå Sogn og Fjordane nokosinne vil gjere. Likevel meiner vi at eit breiast mogeleg fagleg grunnlag for ei stor og kostbar samfunnsinvestering styrkjer konklusjonane, uavhengig av kva veg, stortingspolitikarane våre skulle lande på.

Fylkesordføraren frå Sogn rotar med tal i innlegget sitt, og når talstorleikane er betydelege og sentrale som dei er i dette tilfellet, ja då må ein forvente eit visst presisjonsnivå. 

At vegvalet mellom Rv.52 og Rv.7 på nokon måte skulle tyde at ein «takka nei til ei avkastning på 26 milliardar kroner» dersom ein vel RV.7 og E134 utan ein såkalla vegarm til Bergen er direkte feil. Dette baserer seg på at E134 i så fall var den einaste vegen ein skulle satse på mellom aust og vest, men det er altså ikkje lenger aktuelt. Det er bestemt at ein skal velje to, og dermed vil reknestykke sjå heilt annleis ut. Her burde fylkesordføraren vore ærleg på dette, sjølv om det ikkje fremjar hennar interesser.

Samfunnsøkonomisk nytte er ingen fasit for kva AS Noreg får igjen for dei pengane vi investerer i veganlegg dei komande åra. Fylkesordføraren nyttar denne gongen samfunnsøkonomi og netto nytte som ei sanning, med ei nesten usvikeleg tru på at dette er tilnærmingar og svar som det kan setjast to strekar under.

Same fylkesordførar er registrert med ei heilt anna tilnærming når det gjeld E39 (NRK Sogn og Fjordane) : «Jenny Følling meiner forskarane ikkje tek inn over seg at det vil bli auka verdiskaping ved å byggje ein ferjefri E39. - Det er transport, transporttid og tal på bilar som køyrer på vegane som er hovudelementa i desse analysane. Det blir eit for snevert spekter. Og vi hadde ikkje hatt mange vegar i distrikts-Noreg dersom det skulle vêrar dei samfunnsøkonomisk analysane som låg til grunn.» Her er vi hjartans einige med fylkesordføraren! 

Alle skjønar sjølvsagt fylkesordføraren sitt motiv og det hadde vore heilt greitt, dersom det kunne innrømmast. Tidlegare var det E16 austover og no er det Rv52 som er eit viktig element, for å løyse eigne regionale vegprosjekt. Dei aller fleste ordførarar og fylkesordførar har det lokale og regionale perspektivet som sin agenda, ikkje noko rart, og me trur ikkje fylkesordføraren i Sogn og Fjordane er noko annleis. 

Til sjuande og sist er det våre fremste folkevalde som skal trekkje konklusjonane og bra er det! Vegbygging er og blir viktig for folk i heile landet og då må ein ta omsyn til meir enn eit enkelt reknestykke eller ein enkel fagrapport - ein skal ta omsyn til heile landet.

Tor Egil Buøen – Styreleiar i Interesseselskapet Rv.7 & ordførar i Flå

Anved Johan Tveit – Styreleiar i Hardangerviddatunnelene AS & ordførar i Eidfjord

Til toppen