Her er ein ivrig gjeng frå Kanutten i Kyrkjebakken barnehage i Sogndal. Dei har rydda frå barnehagen og i Sogndal sentrum (Foto: Hege Janet Myklebust/Kyrkjebakken barnehage)
Feios har rydda. – Mykje søppel, men mindre enn i fjor, skriv dei. (Foto: Kari Sletten Samland)
Ivrige bossplukkarar i Vik. (Foto: Privat)
– Resultat etter 2 timars bossplukking ved Vangsnes fergekai. Fant nesten 1000 sneipar og snus, masse plastikk, vårserviettar og ispapir, skriv Gunn Randi Bjørnevoll. (Foto: Privat)
Geir Ove, Per og Jorunn rydda i Sogndal langs stranda frå Sjøkanten og forbi badeplassen ved Hagelin. (Foto: Privat)
Det var visst enno ein Per som hjalp til. (Foto: Privat)
Erla 4H hadde ryddeaksjon på badeplassen Leirviki på Nornes i Sogndal kommune i dag. (Foto: Heidi Fondenes/Erla 4H)
Dei var kring 20 stykk med smått og stort i alderen 5 til 65 år. Det vart plukka elleve sekker fulle med plast, tau, bøtter, røyr, isopor og mykje anna rusk og rask. (Foto: Heidi Fondenes/Erla 4H)
Den skal tidleg krøkast som god krok skal bli. Frå venstre: Eskil (5), Brage (3), Ingrid Hove Harkjerr med Åsa (0). I bakkant står Sigrun Dale med Ada (1). (Foto: Tore Frimanslund)
Her er det Eskil som har funne ein del rask i skogen. (Foto: Tore Frimanslund)
Ann Elin Wahl sende bilete av sekkar fulle av bos ho har plukka på moloen framme i Utladalen. (Foto: Privat)
Amfi Sogningen greidde å fylla fire plastsekkar. (Foto: AMFI Sogningen)
Sogndal Fotball sørga for orden på området rundt Fosshaugane Campus. (Foto: Hilde Østby/Sogndal Fotball)
(Foto: Hilde Østby/Sogndal Fotball)
(Foto: Hilde Østby/Sogndal Fotball)
Denne gjengen frå 4. klasse var blant elevane frå Trudvang skule i Sogndal som var med å gjera sentrum reint for bos. (Foto: Tom Wergeland/Trudvang skule)
Kaupanger skule mobiliserte stort, og hadde rundt 190 elevar og vaksne ute på ryddeoppdrag. (Foto: Kjell Ertesvåg/Kaupanger skule)
(Foto: Kjell Ertesvåg/Kaupanger skule)
(Foto: Kjell Ertesvåg/Kaupanger skule)
Kaupanger-elevane fann òg bos i skogen. (Foto: Kjell Ertesvåg/Kaupanger skule)
Flåm barnehage rydda vegen ned til badestranda i Flåm. (Foto: Therese Vindedal/Flåm barnehage)
(Foto: Therese Vindedal/Flåm barnehage)
Veitastrond barnehage rydda bos langs vegen på Veitastrond i dag. (Foto: Hildegunn S. Heggestad)
Småbarnsavdelingane i Kyrkjebakken barnehage i Sogndal har rydda nærmiljøet sitt i dag. Mange flinke og ivrige barn plukka boss frå barnehagen til kyrkja, ned til Rema og tilbake til barnehagen. (Foto: Anne Nina Johnsen/Kyrkjebakken barnehage)
Ungane fekk kvar sin pose dei plukka bosset sitt i og alt vart samla i store sekker då dei kom tilbake til barnehagen. (Foto: Anne Nina Johnsen/Kyrkjebakken barnehage)
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er med på ryddeaksjonen. (Foto: Maria Nesse Haugen/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane )
I dag rydda dei rundt Statens hus og i strandsona i Pilkavika og Nokkaneset. (Foto: Maria Nesse Haugen/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane )
Elevar frå 3mka ved vidaragåande i Sogndal valde å plogga, altså kombinera søppelplukking og jogging, i kroppsøvingstimen i Sogndal sentrum. (Foto: Kjerstin Hole Sæterbakken)
Elevar frå 1. til 10. klasse på Tangen skule ryddar for harde livet. Denne gjengen plukka bos frå Finnsåstunellen til rundkøyringa. (Foto: Tangen skule)
Anders Hovland frå Aurland plukka nesten fem sekkar med plast og to dataskjermar mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen. – Framleis ein del igjen, men hadde ikkje plass til meir i bilen. Må nok tilbake i helga, skriv han. (Foto: Privat)
Ida Kristine Sagerøy frå Luster hadde ikkje høve til å ta del i dagens aksjon, men tjuvstarta med å ta ein rydderunde i Kinserdalen. (Foto: Privat)
Årdal Jeger og Fiskerforening er med på dugnaden. I går plukka dei bos ved Årdøla, og dei satsar på ny innsats neste tysdag. (Foto: Årdal Jeger og Fiskerforening)
Studentbarnehagen i Sogndal er blant dei som er ute og ryddar i dag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Hundrevis har vore i sving – sjå bileta frå ryddedagen

Torsdag var dagen heile Norge rydda. I Indre Sogn har barnehagar, organisasjonar, skular, næringsliv og privatpersonar mobilisert i stor stil for å gjera nærmiljøa bosfrie.

Indre Sogn: Ryddeaksjonen i Indre Sogn er eit samarbeid mellom lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane. 

Lista over deltakarane til aksjonen er like imponerande som ho er lang. Me håpar alle som var med er flinke til å senda inn bilete, slik at me greier å visa omfanget av innsatsen de la ned.

NOK Å TA AV: Anja Veum, Sandra Stien og Malene Fossheim (tar bilete) rydda langs vegen frå Sogndal sentrum, via Elvatunet, Stedje barnehage til shellstasjonen, og tilbake til sentrum. Foto: Malene Fossheim

Bileta kan de senda til tips@porten.no. Merk emnefeltet med tittelen «Heile Norge ryddar», skriv i e-posten kvar biletet er teke og kven de er. Me vil legga bileta i serien øvst i artikkelen etter kvart som dei ramlar inn.

Her er eit utdrag frå deltakarlista i Indre Sogn:

  • Kaupanger skule stiller med 190 deltakarar som skal rydda bos i bygda
  • Privatpersonar har meldt seg for å rydda strender i Sogndal
  • Flåm barnehage skal rydda langs vegen og på badestranda i Flåm
  • Amfi Sogndal satsar på å rydda på heile kjøpesenteret sin eigedom
  • 25 elevar frå vidaregåande i Sogndal satsar på plogging i gymtimen, ein kombinasjon av jogging og søppelplukking
  • Alle barnehagane i Sogndal vil ta del i aksjonen
  • Speidargruppa på Kaupanger vil rydda i Eidsgrenda på Kaupanger.
  • Nybø barnehage på Leikanger har mobilisert opp til førti ungar og ti vaksne til å samla boss rundt barnehagen og i stranda ved barnehagen
  • Erla 4H skal rydda badeplassen i Leirvik i Sogndal
  • Småbarnsforeldre i Luster har gått saman for å rydda frå Lambhaug til Høgi, medan andre privatpersonar vil plukka boss langs sjøen
  • I Aurland skal privatpersonar rydda langs E16 mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen og langs elva i Gudvangen
  • Sogndal Fotball vil rydda på Fosshaugane Campus
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil rydda rundt Statens hus og i strandsona i Pilkavika og Nokkaneset
  • Sogn vegteneste gir alle tilsette full løn i tre timar om dei deltek i ryddinga
  • I Feios har skulen og bygdalaget engasjert opptil 40 personar til å rydda strendene og vegane i bygda.
  • Ein vennegjeng i Sogndal skal rydda langs gangvegen og i Fjøra frå Sjøkanten og ut til badeplassen ved Hagelin. – Me ryddar òg badeplassen. 
  • På Kaupanger skal privatpersonar rydda langs elva ved industriområdet

Lista er ikkje fullstendig, til dømes har Årdal kommune òg mobilisert innbyggjarane til storstila dugnad, utan at nokon enno er å finna på den offisielle deltakarlista.

Til toppen