Årdal: Klokka 23:50 vart politiet varsla om amper stemning og slåsskamp utanfor Klingenberg Hotell på Årdalstangen.
Om lag 10 personar var på staden då politiet rykka.
– Politiet er på staden og er i dialog med fleire personar, skreiv Vest politidistrikt på Twitter like etter midnatt.
Det er ikkje meldt om personskader etter slåsskampen.
Les òg: Ber kommunen prioritere psykisk helse: – Det kan bli eit større behov framover