FUNNEN I TUNNEL: Denne vesle kattungen, omlag åtte veker gamal, sat midt på gulstripa i Lærdalstunnelen. No er ho teke i hus.
FUNNEN I TUNNEL: Denne vesle kattungen, omlag åtte veker gamal, sat midt på gulstripa i Lærdalstunnelen. No er ho teke i hus. (Foto: Privat / Synne Asheim Haga)

Rykka ut til Lærdalstunnelen midt på natta for å finna dumpa kattungar

Og det er ikkje første gongen.

Lærdal: Seint sundag kveld fekk Dyrevernlaget Indre Sogn melding frå ein årvåken sogning, som hadde funne ein kattunge inne i Lærdalstunnelen, midt på gulstripa. 

Med mistanke om at det kunne vera fleire kattungar i tunnelen, heiv Grethe Jevnaker og Randi Aarethun frå Dyrevernlaget Indre Sogn seg i bilen, for å leita. 

– Eg blir steike forbanna og frustrert. Det er ingen kattungar som går mange kilometer inn i ein tunnel. Det er så jævlig at folk kan finna på slikt, det er ikkje menneske som gjer slikt, seier Randi Aarethun, leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn. 

STOD MIDT I VEGEN: Denne lille kattungen stod midt på gulstripa i Lærdalstunnelen. No er ho teke i hus av dei som fann ho. Foto: Privat

Aarethun: – Kastar dei frå seg som boss

Då dyrevernarane fekk meldinga synst dei det var rart at det berre var funne éin kattunge, då dei har erfart at kattungar vanlegvis vert dumpa i fleirtall. Dei valde å rykka ut. 

Rundt klokka 03:00 måndag morgon, etter ein sjekk av alle krinkar og krokar av verdas lengste biltunnel, var det heldigvis ikkje fleire kattungar å sjå. 

– Me er frivillige. No er me ute midt på natta og leitar etter kattungar som folk berre kasta frå seg slik at ein skulle tru det var boss. Kattane er ikkje meir verdt for dei. Folka som gjer slikt er søren ikkje verdt meir for meg heller, seier Aarethun opprørt. 

Val av stad for dumpinga av den vesle kattungen er avslørande, ifølgje Grethe Jevnaker:

– Når ein etterlét seg ein kattunge inne i ein tunnel, så vil ikkje ein at den skal bli funne. Då hadde dei sett han ein anna stad. Ein vil at katten skal bli drepen. 

– Slike folk, dei er ikkje menneske, sukkar Aarethun.

Saka held fram under biletet.

LEITEAKSJON: Alle krinker og krokar som til dømes desse lommene langs vegen inne i Lærdalstunnelen, vart sjekka for å sjå om fleire kattungar kunne gøyma seg der. Foto: Synne Asheim Haga

Dei fortel at dei har opplevd ein liknande situasjon for nokre år tilbake, då i Gudvangatunnelen.

– Me fekk faktisk tunnelen stengd i 20 minutt medan me leita. Og då fann me to påkøyrde kattar. Då var me for seine, seier Aarethun. 

Aarethun: – Fleire dumpa kattar i år

Det har vore ein travel sommar for Dyrevernlaget, for det er ikkje første gong i sommar dei har fått melding om dumpa kattar.

DUMPA: Desse fem nøsta blei dumpa i ein kasse midt i vegen på Fimreite tidlegare i år. No er det éin att som ventar på ny heim. Foto: Privat

I vår fekk dei melding om fem kattungar som var dumpa midt på bilvegen på Fimreite i Sogndal, og i slutten av mai vart ein kattunge funnen ihelsvolten ute.

–Det er fleire dumpa kattar i år. Det skremmer meg at det er så mange av dei, det tek aldri slutt, seier Jevnaker.

– Kva kan gjerast for å kjempa mot dette?

– Hadde det vore påbudt med chip-merking og kastrering så hadde det vore ein god start.

– Det er mange som er glade i kattane sine, og kjøper leikar og senger og slikt til dei. Kjøp ein ID-chip. Det er den største gåva du kan gje katten din, seier Aarethun.

Til toppen