(Foto: Marit Bukve)

Opprykk for Årdal: – Klarte å avgjera kampen på eigenhand

Årdal vann kampen mot Tornado Måløy på overtid.

Måløy: – Stemningen er upåklageleg, men høg, seier Årdal-trenar Ivan Øy, på telefon frå lagbussen. 

Han prøver å overdøva George Michael og ei rekkje nøgde spelarar.

– Slik som kampen utarta seg, kunne ein knapt ha skreve noko betre manus. Eg er nøgd med at me klarte å avgjera dette på eigen hand, seier Øy.

I dag blei siste runde i Kretsligaen spelt, og då Årdal slo Tornado Måløy og sikra seg tre poeng, var det heilt sikkert at det er Årdal FK som rykker opp i tredjedivisjon til neste år.

Dette skapte særs god stemning i laget (artikkelen held fram under videoen): 

– Vanvittig 

Årdal FK har hatt litt av ein sesong. I løpet 2019-sesongen har fotballklubben kun hatt to tap og dei kan skilta med Kretsligaens toppskårar Truls Hovland som har skåra 37 mål tilsaman.

– Korleis vil du oppsummera sesongen?

– Denne sesongen har vore kjempeartig. Har hatt ein gjeng som har vore veldig ivrige. Dei hadde eit mål om å yte maks for å kjempe i toppen og så blei me liggjande i toppen. Og då blei målet å halde toppen heile veien inn. Det har vore heilt vanvittig, seier Øy, om det som blir hans siste sesong i Årdal FK.

OPPRYKKSKAMPEN: Årdal FK rykker opp til 3. divisjon etter innsatsen mot Tornado Måløy i dag. Foto: Marit Bukve

– Korleis blir det å slutta etter ein slik sesong?

– Det er vemodig. Eg har vore med i ein gjeng i sju år og dette har vore kvardagen min i lang tid tross alt. Det å avslutta med opprykk til tredje divisjon er fint, men nå må ÅFK få nye kostar inn. Eg har gjort det eg kan gjera, seier Øy.

Men han kjem til å fortsetta å følgja klubben han har trena i sju år.

– ÅFK har ein stor jobb foran seg. De skal få inn nye folk - ny trenar og nye spelarar. Dei skal ha gode treningskvardagar. Og så er spranget frå fjerde til tredje divisjon stort. Det er kanskje det største spranget i heile seriesystemet, fortel han.

– Det handler om innstilling og om dei virkelig vil. Det blir bra dette trur eg, seier Øy.

– Korleis skal dykk feira?

– Først skal me feira i bussen. Det er ikkje kvart år me rykkar opp. Og så får me se kva denne gjengen vil når me kjem heim, seier Øy.

GOD STEMNING: Det var god stemning i lagbussen på veg heim frå opprykkskampen. Foto: Privat

Slik var kampen

Første omgang enda med leiing til heimelaget. Og slik såg stillinga ut til 61 spelte minutt, då Terje Kvam Øvstetun skåra Årdal FK sitt første mål for kampen.

To minutt på overtid sikra Truls Hovland Årdal sigeren og gjorde at årdølene kan reisa heim frå Måløy som vinnarar av Kretsligaen.

Den eigentlege opprykkskampen i dag var mellom Førde og Årdal FK. Førde hadde kun hatt moglegheit til kretsligasiger og opprykk om dei slo Eid i dag. I tillegg måtte Årdal tapt mot Tornado Måløy. Slik gjekk det ikkje.

Til toppen