LYNGBRANN: Brannen er synleg frå Dueskarvarden.
LYNGBRANN: Brannen er synleg frå Dueskarvarden. (Foto: Frode Aas)

Rykkjer ut til lyngbrann på Frønningen: – Ikkje stor dramatikk

Lyngbrannen er i nærleiken av Frønningsvatnet.

Frønningen: Søndag ettermiddag rykkjer brannvesenet ut til ein lyngbrann ved Frønningsvatnet i Lærdal kommune.

LYNGBRANN: Frå Kaupanger kan ein òg sjå røykutviklinga av brannen. Foto: Elias Ramstad Bergseth

Det var Sogn Avis som først omtalte brannen.

– Me har kome i kontakt med folk som har tilhald på Frønningen. Dei er oppe og observerer, samt bidreg litt i slokkinga, seier Frode Eide til Porten.no.

Han er vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø og legg til at det ikkje er snakk om store flammar, men mykje varme og det at blussar opp igjen ofte.

LYNGBRANN: Brannvesenet rykkjer ut til ein lyngbrann på Frønningen. Foto: Skjermdump / Google Maps

– Det er ikkje snakk om noko stor dramatikk. Grunnen til at me rykkjer stort ut, er at me gjerne må dynke området med vatn, seier Eide.

Helikopter er på veg for å bidra til slokkinga, men det vil bruka halvannan time på å koma fram.

Me oppdaterer saka. Har du tips eller bilde? Send gjerne til tips@porten.no eller 41765024.

Til toppen