Sogndal: Klokka 02:13 natt til sundag fekk politiet i Sogndal melding frå vitne om ein rusa mann i ei rundkøyring i Sogndal sentrum
Meldaren opplyste at den rusa mannen var blodig.
– Ein politipatrulje rykte ut til staden, og då dei kom fram oppdaga dei at det mannen berre hadde skrubbsår, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikts operasjonssentral i Bergen.
Politiet fekk orden på staden og avslutta saka.
Elles var det er roleg helg for politiet i Indre Sogn.