TRUA: Rypebestanden held fram med å falle, og no er blant anna fjellrypa «nær trua». Foto: Jim Timås Kristensen/Flickr.
TRUA: Rypebestanden held fram med å falle, og no er blant anna fjellrypa «nær trua». Foto: Jim Timås Kristensen/Flickr.

Ryper vert raudlista

Rypebestanden held fram med å falle, og no er li- og fjellrypa «nær trua», ifølgje den nye norske raudlista som snart skal leggjast fram.

Årdal/Lærdal: – Rypebestanden har gått jamnt nedover i lang tid i Skandinavia. På ti år er den norske bestanden bortimot halvert. Ein framleis rask tilbakegang kan på sikt enda med at rypene får status som ein trua art, seier Snorre Henriksen i Artsdatabanken til Adresseavisen.

Oppføringa på raudlista fører ikkje nødvendigvis til at rypene blir freda eller til jaktrestriksjonar.

– Det er opp til grunneigarane og forvaltningsmyndigheit å avgjere om tiltak er naudsynt, seier Henriksen. (©NTB)

Til toppen