JUBEL FOR TRE POENG: Johnny Aspeseter Hagen og Årdal kunne juble for tre poeng etter 3-2-sigeren mot Sogndal 2 måndag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
JUBEL FOR TRE POENG: Johnny Aspeseter Hagen og Årdal kunne juble for tre poeng etter 3-2-sigeren mot Sogndal 2 måndag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Så glad blir ein etter å ha scora to og sikra tre poeng i nabooppgjeret

Johnny Aspeseter Hagen vart tunga på vektskåla med sine to scoringar då Årdal tok sin andre siger på rad.

Årdal – Sogndal 2 3-2

Årdal: – Det hjelper veldig på sjølvtilliten. Eg har ikkje hatt det beste målsnittet i det siste, så det var deilig å få inn to, og eg var ganske nære eit tredje. Dette må me byggja vidare på, seier tomålscoraren til Porten.no etter kampen.

26-åringen hoppa av glede då dommaren bles i fløyta si. Då stod det 3-2 på måltavla etter det som vart ein målrik og spenningsfull kamp mot naboane Sogndal 2 frå andre sida av fjorden.

Årdølene leia både 2-0 og 3-1, men Sogndal 2 sørga for at det heile tida var spenning i kampen takka vere scoringar frå Fredrik Flo og Simen Brekkhus. Til slutt var det 3-1-scoringa til Terje Kvam Øvstetun som skilte laga, men det var Aspeseter Hagen som stal overskriftene med to pene mål i 1. omgang.

– Tok dei på fysikken

– Det er eit spelande lag, som er gode teknisk, me møter. Det er gode på små flater, så me var klar over at me måtte ta dei på fysikken, og det tykkjer eg me gjer, seier Aspeseter Hagen, som sette inn 2-0 med ei knallsterk heading opp i vinkelen.

Artikkelen held fram under biletet.

STERK: Aspeseter Hagen meiner Årdal tok sogndølene på fysikken. Her viser han nettopp det då han stanga inn 2-0-målet.
STERK: Aspeseter Hagen meiner Årdal tok sogndølene på fysikken. Her viser han nettopp det då han stanga inn 2-0-målet.

26-åringen starta kampen som spiss, var innom offensiv midtbane-rollen, deretter litt lenger ned i bana som sentral midt før han enda opp på venstrebacken.

– Eg spelar der det er behov for meg. Det har eg ingen problem med, smiler han.

Bolseth: – Me manglar det vesle ekstra

For Rune Bolseth og hans unge Sogndal 2-lag var det ein kamp der dei viste mykje fin fotball, men der det vesle ekstra mangla til slutt.

– Me manglar det siste ekstra, og me er ikkje giftige nok når me har sjansen. Me kan score fleire mål enn det me gjer i dag. Samstundes slepp me inn tre, og det er for mykje, konstaterer han.

Artikkelen held fram under biletet.

SPELTE HEILE KAMPEN: Sivert Mannsverk frå Årdal spelte heile kampen Sogndal 2 si midtbane.
SPELTE HEILE KAMPEN: Sivert Mannsverk frå Årdal spelte heile kampen Sogndal 2 si midtbane.

Bolseth starta med årdølen Sivert Mannsverk på midtbana, medan tidlegare Årdal-spelar Eirik Lereng kom inn utover i kampen. Som venstreback vart det dermed ein aldri så liten brødreduell mellom sistnemnde og storebror Anders som kom inn som spiss mot slutten han også. Storebror Mannsverk, Simen, vart sitjande på benken.

Med siger tok Årdal viktige steg oppover på tabellen. Førebels er Vik og Stryn i ein eigen klasse med full pott på sju kampar. Sogndal 2 innehar 3. plassen med 12 poeng, medan Årdal ligg no på 4. med eit poeng mindre.

Til toppen