POPULÆR: Odd Nordstoga spelte for fullt hus på Meieriet måndag kveld – tysdag er han klar for konsert i Årdal med eit i utgangspunktet lunt reportoar. Foto: Silje Takle
POPULÆR: Odd Nordstoga spelte for fullt hus på Meieriet måndag kveld – tysdag er han klar for konsert i Årdal med eit i utgangspunktet lunt reportoar. Foto: Silje Takle

Så god stemning på Meieriet at han la om reportoaret

..og tysdag kveld spelar Odd Nordstoga i Årdal Kulturhus – den folkekjære artisten frå Telemark er spent.

Årdal/Sogndal: – Det skal vera ein litt lågmælt konsert; tanken er å spela ein del balladar som eg ofte får spørsmål om, men som ikkje passar så godt til feststemte publikumsmassar på sommarfestivalane, seier Nordstoga.

Han er åleine på scena og turneen har fått namnet «Solo». Plata «Aleine heime» som kom i november er utgangspunktet – her har telemarkingen spelt inn nokre låtar på ny i akkustisk drakt, covra ei låt av Lars Winnerbäck, og laga nokre nye, rolege låtar.

– Årdal og Sogn er tipp topp

Med andre ord ligg alt til rette for ein stemningsfull konsert i Årdal Kulturhus tysdag kveld.

– Det er litt dårleg vêr i dag; desto betre å trekkja innandørs og høyra på litt lun musikk. Så eg er spent og gler meg. Årdal og Sogn er tipp topp, seier Nordstoga.

Utgangspunktet var for så vidt det same då Nordstoga spelte på Meieriet under «Vekao» måndag kveld. Men feststemte studentar og andre laga slik liv at Nordstoga improviserte med låtlista. 

– Det var fantastisk; fullt hus og stor allsangtrong. Så eg la rett og slett litt om på reportoaret på slutten av konserten. Stemningen gjekk mot meir fartsfylte låtar enn balladar. 

– Karriera på rett veg i Sogn

Nordstoga spelte under Målrock i 2015 og har vitja Sogn ved fleire høve. Måndagens konsert viste også at han på ingen måte har mista popularitet i sognebygdene tjue år etter at han debuterte som plateartist. 

– Eg har vore her til stadigheit, både på festivalar og enkeltkonsertar, i større og mindre konstellasjonar. No er det nokre år sidan eg var på Meieriet, og det var mykje meir folk denne gongen enn då. Så karriera er tydelegvis på rett veg i Sogn. 

Til toppen