HØGE VERDIAR: Brosme fiska i Sognefjorden har no så høge nivå av kvikksølv at Mattilsynet åtvarar folk å eta brosme frå delar av fjorden. Foto: Flickr/Tregde Ferie. 
HØGE VERDIAR: Brosme fiska i Sognefjorden har no så høge nivå av kvikksølv at Mattilsynet åtvarar folk å eta brosme frå delar av fjorden. Foto: Flickr/Tregde Ferie. 

Så høge verdiar av kvikksølv at Mattilsynet åtvarar folk å eta brosme

Brosme fiska i Sognefjorden har no så høge nivå av kvikksølv at Mattilsynet åtvarar folk å eta brosme frå delar av fjorden.

Indre Sogn: Det er ein fersk rapport frå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) som har fått Mattilsynet til å reagera. I sju av åtte undersøkte lokalitetar i Sognefjorden har instituttet funne at brosmene hadde kvikksølvnivå over dei grenseverdiane ein har i dag.

– Undersøkingane stadfestar at brosme kan ha ganske høge verdiar av kvikksølv, seier NIFES-forskar Sylvia Frantzen til nettsida for instituttet.

Ho fortel at nivåa av kvikksølv i brosme frå Sognefjorden er nesten like høge som kvikksølvnivåa i Hardangerfjorden. Der finst det allereie ei åtvaring mot å eta djupvassfisk frå fjorden.

Ved den inste lokaliteten, ved Lusterfjorden, var kvikksølvnivået så høgt at to måltid i månaden er nok til at folk får i seg meir kvikksølv enn det tolerable, fortel instituttet.

Målingane i Sognefjorden er ein del av ei større undersøking langs heile norskekysten og havområda rundt Noreg. Til saman undersøkte forskarane i perioden mellom 2013 og 2015 totalt 1.396 brosmer, 822 langer og 554 annan djupvassfisk.

(©NPK)

Til toppen