HJELPER TIL: I 2016 skal Årdal kommune busetje 20 flyktningar, der minst seks skal vere einslege mindreårige. Det er IMDI som kjem med denne førespurnaden etter ei oppjustering i prognosane for busetjingsbehov. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
HJELPER TIL: I 2016 skal Årdal kommune busetje 20 flyktningar, der minst seks skal vere einslege mindreårige. Det er IMDI som kjem med denne førespurnaden etter ei oppjustering i prognosane for busetjingsbehov. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Sa ja til å busetja over 40 flyktningar

Årdal kommune skal ta imot 20 flyktningar i 2016, der minst seks av desse skal vere einslege mindreårige.

Årdal: Det vedtok kommunestyret då dei handsama saka sist veke. For 2017 aukar talet til 23, der minst ti av desse skal vere einslege mindreårige. Det vil seia einslege barn og unge under 18 år.

Bakgrunnen er at Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) kom med ei ny oppmoding til Årdal kommune i slutten av januar. Det er sjølvsagt den kritiske flyktningsituasjonen i verda som gjer at IMDI oppjusterer tala.

I september var busetjingsbehovet på 14 000 flyktningar for 2016, men dette er justert opp til 18 000. I 2017 var det opprinnelege talet sett til 13 200, men dette er justert opp til 21 000.

Mange barn og unge

Av desse er svært mange einslege mindreårige. Oppdaterte prognosar viser at det er behov for å busetje 4400 einslege mindreårige berre i 2016. 20 prosent av desse er under 15 år.

– Det er ein auka mengde med barn som kjem til Noreg, og Arbeidarpartiet er av den oppfatninga at me skal vera med og legga til rette for at dei får det godt framover, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) i møtet.

I november vedtok kommunestyret at Årdal skulle busetje det talet flyktningar IMDI bad kommunen om i perioden 2016 til 2019. I tillegg skal det utarbeidast ein plan for korleis ein skal busetje og integrere på best mogleg måte. 

Tidlegare har administrasjonen i kommunen gitt uttrykk for at Årdal ikkje er i stand til å busetje flyktningar på grunn av den økonomiske stoda, men ved hjelp av ulike støtteordningar vil ein få dette til. 

Bufellesskap

Seinast i førre veke fekk kommunen ekstra med pengar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet fordi dei har hatt særlege utgifter i samband med mottak av asylsøkarar i haust.

I budsjettet for 2016 vedtok dei folkevalde også å opprette ei 100 prosent stilling som flyktningkoordinator, samt ei tilsvarande stilling i vaksenopplæringa. 

Når det gjeld busetjing av einslege mindreårige er det fire vanlege løysingar. Det første er at flyttar saman med slekt eller i fosterheim. For mindreårige med særlege behov er institusjon eit alternativ. Dei to siste er bufellesskap som er døgnbemanna eller bustad med oppfølgjing, som ikkje er døgnbemanna, som er først og fremst for mindreårige over 15 år.

– Dette prosjektet skal vera breitt forankra i organisasjonen og involvere alle aktuelle bidragsytarar, sa rådmann Olve Fossedal og viste til Flora, som har fått dette til. 

Til toppen