HJORTEGJERDE: Formannskapet i Årdal sa ja til å setja opp eit hjortegjerde rundt resten av nye Farnes kyrkjegard i Øvre Årdal. Oddbjørn Einan poserer med det første gjerdet som vart sett opp i vinter. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
HJORTEGJERDE: Formannskapet i Årdal sa ja til å setja opp eit hjortegjerde rundt resten av nye Farnes kyrkjegard i Øvre Årdal. Oddbjørn Einan poserer med det første gjerdet som vart sett opp i vinter. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Sa ja til hjortegjerde rundt gravplassen

– Ikkje akseptabelt at dei beitar på ein gravplass. 

Årdal: Difor sa Olav Nese (Ap) og resten av formannskapet ja til å nytta 100.000 kroner på å få sett opp eit hjortegjerde rundt resten av nye Farnes kyrkjegard i Øvre Årdal. 

I fjor vinter vart det sett opp eit gjerde rundt halve kyrkjegarden i håp om at det skulle vere nok til å stoppe hjortevilten, men dyra er smartare enn som så og har gått rundt. 

– Det er bra at ein får dette på plass. Me var jo inne på tanken om at det kunne skje, men ein som jobbar med dyr, veit at det er intelligente og at dei veit å finne fram, sa Erling Offerdal (Sp), som også sa ja.

– Unik gravplass

Saka har engasjert mange, og då det første gjerdet var sett opp, vart det samla inn 40.000 kroner som dekte noko av kostnaden. 

– Grunnen til at ein gjekk for ei todelt løysing, er at dette er ein unik og flott gravplass. Han har faktisk vunne prisar for korleis han ser ut – forma som ein båt med livshjul, kors og beplantning. Difor var ein redd for å øydeleggja det synet, fortel Nese. 

Gjerdet heldt faktisk hjorten ute, men det var rådyra som ikkje gav opp og fann ein veg inn. No blir det iallfall bom stopp for alle andre enn menneske som vil ta seg inn på gravplassen. 

Til toppen