HARDE TAK: Frode Myklebust (V), Gro Starheimsæter (Sp) og Gunn Beate Sjøthun (Sp) under det arbeidsmøtet mellom politikarar og administrasjon i Lærdal kommune måndag ettermiddag. – Me får eit dårleg resultat om me grin, no har me klaga nok, seier Starheimsæter. Myklebust er einig og seier dei må sjå over bølgedalen, der målet er å bli robust. Foto: Ina Eirin Eliassen
HARDE TAK: Frode Myklebust (V), Gro Starheimsæter (Sp) og Gunn Beate Sjøthun (Sp) under det arbeidsmøtet mellom politikarar og administrasjon i Lærdal kommune måndag ettermiddag. – Me får eit dårleg resultat om me grin, no har me klaga nok, seier Starheimsæter. Myklebust er einig og seier dei må sjå over bølgedalen, der målet er å bli robust. Foto: Ina Eirin Eliassen

Så langt har dei kome med kuttlista

Lærdal Senterparti meiner det berre er å legge vekk forslaget om å legge ned Ljøsne skule. Det er berre eitt av tiltaka som er lagt inn i kuttlista over den kommunale drifta i dei neste fire åra. 

Lærdal: Det meste i Lærdal kommune står no på vent til politikarane har landa kutta dei må gjera på den kommunale drifta. I forrige veke var det klart at Lærdal kommune må spare inn kring 10 millionar på kort sikt for 2016, og kring 15 millionar på økonomi- og budsjettplanen som går fram til 2019. Bakgrunnen er svikt i kraft- og skatteinntekter. 

Les også: Gløym ostehøvelen, må fram med spareøksa

Stilte spørsmål og la ueinigheiter til side

I eit arbeidsmøte med administrasjonen måndag, la politikarane alle ueinigheiter til side og spara ikkje på spørsmåla for å finne ut kva moglegheiter ein har for å kutte på drifta av kommunen. Her skulle også upopulære tiltak opp på bordet, slik at ein får vurdert konsekvensane av tiltaka før ein gjer ei prioritering og endeleg vedtak om kutt. 

Administrasjonen har lagt opp ei liste over tiltak, som er på til saman er på 13 millionar fram til 2019. Etter innspel på arbeidsmøtet måndag, har administrasjonen som oppgåve å få på plass fleire tal, slik at det blir ei reell prioriteringsliste. 

– Me kan ikkje stikke hovudet i sanda, sjølv om detta er vanskeleg. Alle moglege tiltak må på bordet, og me må vera klare i kva bestillingar me gir administrasjonen, slik at me har eit godt grunnlag for å diskutere konsekvensar av dei ulike tiltaka i komande formannskap 12. november og i kommunestyret 26. november, seier fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H). 

Dette har dei rekna på så langt

Administrasjonen har rekna på å innføre eigedomskatt på bustader og fritidsbustader og å ta utbyte frå Okken Kraft inn i drifta, der ein berre betalar eit minimum på gjelda. I tillegg er det lagt inn forslag om å gjere kutt for å effektivisere eldreomsorga gjennom mellom anna at drifta av aldersheimen skal over frå sjukeheimen til heimesjukepleien. Eit anna forslag er å legge ned Ljøsne skule og flytte barnehagen på Borgund inn på Borgund skule. Her vil ein kunne dekka in 13 millionar av totalt 15 millionar. 

– Om me skal gjennomføra investeringar må me vera veldig nøye på kva me prioriterer, då det berre er omsorgsbustader som fører til redusert kostnadar på budsjettet, seier rådmann Alf Olsen jr.

– Trur det er best å gløyme nedlegging av skulen

– Nedlegging av Ljøsne skule kan virke alt frå neste skuleår. Elevar får då likevel eit tilbod om fullgod opplæring ved ein annan skule og ein må inn i ein nedbemanningsprosess for skulane i Lærdal sett under eitt. Om ein ikkje gjer det, må ein gjera noko med renoveringsbehovet for skulebygget, der me må låna pengar, seier Olsen jr. 

– FINST ALTERNATIV: Annike Vanberg (SV), som har fleire år som tilsett ved Ljøsne skule bak seg, meiner det må gå an å omdisponere skulebygget på Ljøsne i staden for å legge ned eller fullrenovere.
– FINST ALTERNATIV: Annike Vanberg (SV), som har fleire år som tilsett ved Ljøsne skule bak seg, meiner det må gå an å omdisponere skulebygget på Ljøsne i staden for å legge ned eller fullrenovere.

Annike Vanberg (SV) er ueinig i summen på 35 millionar for å restaurere Ljøsne skule. Ho meinar det må vera mogleg å gjera det annleis. Kåre Mentz Lysne (Ap) spør om det går an å løysa bruken av bygget på ein annan måte, då det er ein gamal og ny del av bygget. Frode Myklebust (V) ser på nedlegging av skulen som verste fall, då dette er eit område som kommunen ønskjer å satsa på, difor må ein vurdere saka nøye.

Einemo, seier det er fleire alternativ for kva som er mogleg å gjere ved Ljøsne skule, som til dømes å ha berre elevar berre frå 1. til 4. klasse, men at alternativa må opp på bordet slik at administrasjonen kan rekna på dei. 

– Ei opprustning vil kosta det er heilt sikkert. Her er det snakk om prioriteringar. Likevel legg me ikkje ned ein skule i ei budsjettsak, den diskusjonen må koma i skulebruksplanen, seier Einemo. 

Gro Starheimsæter (Sp) meiner det er berre å legge bort alternativet om å legga ned Ljøsne skule, då ho trur det uansett ikkje er noko politikarane vil bli einige om. Ho tykkjer det er meir sannsynleg å gå for ei løysing med 1. - 4. klasse pluss barnehageavdeling. Vanberg, slår eit slag for å omdisponere bygget, slik at elevane frå 1. til 7 klasse får den beste og nyaste delen av Ljøsne skule. Det vart lagt inn som eit nytt forslag som administrasjonen skal gå inn i. 

– Oppvekstleiar Torunn Liltvedt har også sett på å flytta alle mellomtrinna  på Ljøsne og Borgund ned på Lærdalsøyri skule. Det kan redusere 3-4 årsverk i Lærdal sett under eitt, men då får me også veldig små skular, seier Olsen jr. 

SPØRSMÅL OG DISKUSJON: Gunn Beate Sjøthun (Sp) og fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H).
SPØRSMÅL OG DISKUSJON: Gunn Beate Sjøthun (Sp) og fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H).

Då det ikkje er så mykje å hente personalmessig på bruken av spesialundervisning, då det alt er gjort mykje dei siste åra, kan ein likevel spara litt på å gjera grep som forebygging og fange opp ting så tidleg som mogleg både i barnehage og småskulen. Det gir auka utgifter på kort sikt, men ikkje på lang sikt, seier rådmannen. 

Gunn Beate Sjøthun (Sp) peikar på at spesialundervisning heilt ned til barnehagen er viktig, då ein fangar opp ting tidleg. Ho foreslår ein ordning med to pedagogar og tidleg innsats, i staden for å kalle det spesialundervisning.  

Må vurdere kutt på alle område

Andre tiltak som vart lagt på bordet var å redusere opningstid på Lærdalsøyri barnehage ved å redusere stillingsprosentane med til dømes 5 prosent, då det ikkje er like stort behov for å opne frå klokka 6.45.

Olsen jr. seier også at dei ventar tal på å redusere administrative stillingar. Lysne seier at det er viktig at ein også her syner at ein er villig til å snu alle steinar for å finne ei løysing. Vanberg meiner at i denne prosessen må ein også vurdere å redusere ordførarstillinga. Ho løftar fram at kanskje politikarane må gå føre og å seie frå seg møtegodgjersla, noko ein også er nødd å rekna på. Myklebust er einig med Vanberg, og seier dei folkevalde gjer denne jobben av personleg engasjement. Einemo peikar på at dette ikkje er noko politikarane tenar pengar på og at ein må sjå det opp mot rekrutteringa til neste periode. Starheimsæter meiner møtegodtgjersla er lommerusk, som ikkje betyr så mykje for budsjettet. Ho peikar også på at ein kan godt sjå på reduksjon av ordførarstillinga, men minnar om at ein ordførar ikkje har ei ordinær arbeidstid. 

I tillegg vart det mellom anna løfta opp forslag som å privatisere reinhald og parkteneste, å sjå på dei interkommunale tenestane og sal av eigedomar sjølv om det er nødd å gå til investeringar då det ikkje kan inn i drifta. Det går også an å selje aksjar i Lærdal Energi, verd kring 30 millionar, eller å henta ut utbyte, sjølv om Olsen jr. seier at det blir eit dilemma mellom å eta kjøtet eller å mjølka kua. Der sette Starheimsæter ned foten.

– Sel me aksjane i Lærdal Energi for å bruka dei i den kommunale drifta, blir det som å slakta kua for å så finna ut at ein er vegetarianar og så kastar kjøtet. Det går ikkje. Skal ein selga, må ein bruka det til noko som er varig og ikkje til saldering av eit budsjett, seier ho. 

Lysne spør om det er mogleg å ta ut eit større utbyte av Lærdal Energi og at det må vurderast dei neste åra. 

Tek dei tillitsvalde inn i prosessen

MYKJE ARBEID FRAMOVER: Rådmann Alf Olsen jr. og økonomirådgjevar Anne Marie Mo. 
MYKJE ARBEID FRAMOVER: Rådmann Alf Olsen jr. og økonomirådgjevar Anne Marie Mo. 

Olsen jr. trekk fram at frå rapporten frå omstillingsarbeidet i 2013, har ein lista opp over 100 tiltak til innsparing og at det er alt mange steinar som er snudd. Etter formannskapet kom med nye forslag, skal administrasjonen no jobbe vidare med for å få på plass tal, slik at det blir ei reell prioriteringsliste politikarane har å jobbe ut ifrå. 

I tillegg skal tillitsvalde inn i prosessen. Alt tysdag ettermiddag skulle administrasjonen i møte med dei hovudtillitsvalde for å gi informasjon om prosessen. I tillegg skal formannskapet, Frode Myklebust (V) og fire tillitsvalde i drøftingsmøte neste måndag i styringsgruppa for Robek-nettverket. Der kan det også kome viktige innspel til kuttlista. 

Rådmannen understrekar at dei tillitsvalde skal ta vare på rettane til dei tilsette, men minnar også om at dei er nødd å hjelpa til med å koma med løysingar slik at politikarane kjem i mål med kutta på ein best mogleg måte. 

Endeleg vedtak skal gjerast i siste kommunestyret før jul, 17. desember. Så skal budsjett- og økonomiplan frå 2016 til 2019 inn til godkjenning hos fylkesmannen. 

Til toppen