NULL OMKOMNE: Ingen har døydd i trafikken her i fylket så langt i år, viser tal frå Trygg Trafikk. Biletet er teke i samband med ei øving naudetatane hadde i Årdal i 2015.
NULL OMKOMNE: Ingen har døydd i trafikken her i fylket så langt i år, viser tal frå Trygg Trafikk. Biletet er teke i samband med ei øving naudetatane hadde i Årdal i 2015. (Foto: Arkiv)

Så langt i år har ingen mista livet i trafikken her i fylket

Medan på landsbasis har dødstala stige.

Indre Sogn: Halvvegs inn i 2019 har 50 personar mista livet på norske vegar, ein oppgang på fem omkomne frå i fjor. Her i fylket har det derimot ikkje vore ei einaste dødsulukke så langt i år.

– Det er veldig oppløftande og positivt. Det er klart, det har vore ein del trafikkulukker no óg, men så langt har alle overlevd. Me håpar det held fram resten av året óg, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg trafikk.

OPP OG NED: Dei siste tjue åra har talet omkomne i trafikken gått opp og ned her i fylket, noko dei små tala må ta ein del av skulda for. Den langsiktige trenden er derimot god, og starten på 2019 har vore oppløftande. Foto: Skjermdump/SSB

Til samanlikna døydde to personar i trafikken i Sogn og Fjordane det første halvåret i fjor.

Nærmar seg null

Dei siste tjue åra har statistikken her i fylket gått litt opp og ned, som du kan sjå i tabellen. Dei lågaste tala finn me i 2002 og 2014, då berre éin og to personar omkom. Innimellom har det vore toppar, som i 2013, då 12 personar miste livet.

Går me enno lenger bak i tid, er trenden meir eintydig. Både i 1980 og 1982 var det 18 dødsfall på vegane her i fylket. I same periode har talet personbilar auka markant.

– Generelt er det sikrare å vera ute i trafikken no enn tidlegare. Likevel må alle vera forsiktige og årvåkne, seier Heggestad.

Han peikar på faktorar som meir bruk av bilbelte, tryggare bilar, betre haldningar, betre sikring av ungar, fleire gang- og sykkelvegar og betre føraropplæring, som nokre av forklaringane på framgangen.

KLAR UTVIKLING: På landsbasis er det derimot ikkje tvil om at utviklinga går rett veg. Foto: Skjermdump/SSB

Fleire MC-ulukker

På landsbasis har fem fleire mista livet i trafikken enn i fjor. Talet dødsulukker på motorsykkel aukar mest, frå fem omkomne i fjor til ti i år.

Halvparten av dei som mista livet i juni var MC-førarar. Undersøkingar viser at dei fleste ulukkene skjer i svingar.

– Dersom me skal få ned ulykkestala for MC må me gjera fleire grep. Farten må ned og kunnskapen om kvar ulukkene skjer må opp, seier seniorrådgiver Bård Morten Johansen i Trygg trafikk.

Alvorlege trafikkulukkar skjer oftast om sommaren. Heile femti prosent har auken vore i sommarmånadane dei siste fem åra på landsbasis. Det er óg då dei fleste ulukkene på motorsykkel skjer.

Til toppen