INGEN NYE TILFELLE: Veterinærinstituttet har i haust testa over 7.100 elg, rein, hjort og rådyr for skrantesjuke (CWD), men så langt utan ha funne spor etter sjukdommen. Foto: Knut Fredrik Øi
INGEN NYE TILFELLE: Veterinærinstituttet har i haust testa over 7.100 elg, rein, hjort og rådyr for skrantesjuke (CWD), men så langt utan ha funne spor etter sjukdommen. Foto: Knut Fredrik Øi (Foto: Knut Fredrik Øi)

Så langt ingen nye skrantesjuke-tilfelle

Veterinærinstituttet har i haust testa over 7.100 elg, rein, hjort og rådyr for skrantesjuke (CWD), men så langt utan ha funne spor etter sjukdommen.

Nordfjella: Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) roser både jegerar, Mattilsynet, Veterinærinstituttet og miljøstyresmaktene som alle no gjer ein stor innsats for å redusere faren for at den alvorlege sjukdommen skal spreie seg i Noreg.

– Det er gledeleg at det til no under haustjakta ikkje er påvist fleire tilfelle av denne sjukdommen. Eg er imponert over den innsatsen som no vert gjort gjennom nokre hektiske haustveker, seier Dale i ei pressemelding.

Styresmaktene har vore på tå hev overfor CWD (chronic wasting disease) etter at smitten vart påvist hos tre reinsdyr og to elgar tidlegare i år. Dette er dei første påvisingane av skrantesjuke i Europa og dei aller første påvisingane av sjukdommen hos rein nokon stad.

Skrantesjuka bryt ned hjernen hos smitta hjortedyr og fører til avmagring, unormal oppførsel, tap av kroppsfunksjonar og død. Ingen ting tyder på at sjukdommen kan smitte husdyr eller andre dyr. (©NPK)

Til toppen