SUMARTEMPERATUR: Statsmeteorologen har gode nyheiter om fredag og laurdag. Sundag ser desverre litt mørkare ut.
SUMARTEMPERATUR: Statsmeteorologen har gode nyheiter om fredag og laurdag. Sundag ser desverre litt mørkare ut. (Foto: Odd Arild Loseth / Arkiv)

Så lenge kjem godvêret til å vare

Statsmeteorolog Frode Hassel fortel at det blir opp mot 20 varmegrader og fint vêr store delar av helga.

Ytre Sogn: – Me hatt ein kjøleg periode med ein del bygevêr, og særleg kaldt i fjella i det siste. No vert det eit par dagar med stort sett fint vêr, seier statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt, Frode Hassel.  

Han fortel at temperaturen kjem til å halda seg rundt 20 varmegrader fredag og laurdag.

Nedbør på sundag

– Fredag og laurdag vert det ganske fint og god temperatur. Så dei dagane må ein sjølvsagt få med seg, seier Hassel.

Desverre må ein rekne med litt nedbør på sundag. 

– Sundag ser rimeleg grå ut. Så dersom ein skal få med seg den fine delen av helga er det nok fredag og laurdag som vert dei finaste dagane, avsluttar han.

Til toppen