DØD FUGL: Mikroplast er funne i fleire marine artar, også fuglar. Dødsårsaka til denne fuglen er uviss. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
DØD FUGL: Mikroplast er funne i fleire marine artar, også fuglar. Dødsårsaka til denne fuglen er uviss. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Så liten – men stor miljøversting

Kan mikroplast frå den nye fleecejakka ende opp i magen din?

  • Endret

Hannah Hildonen, rådgivar i Miljødirektoratet, sukkar og plukkar opp noko av plastsøppelet langs stranda på Bygdøy i Oslo: Restar av fiskegarn, ein pose som flyt i vatnet, eit yoghurtbeger.

Du har kanskje fått med deg korleis dyr i havet døyr viss dei viklar seg inn i plastposar eller taustumpar, eller av å ete søppel. Ny forsking viser likevel at dei aller minste plastpartiklane – såkalla mikroplast, som er mindre enn fem millimeter – kan vere eit vel så stort problem. Plastsøppel er nemleg svært lite nedbrytbart, og vêr og vind fragmenterer plastsøppelet til stadig mindre bitar.

– Når plast er fragmentert til mikroplast i havet, vil det vere bortimot umogleg å samle det opp igjen, fortel Hildonen.

På grunn av størrelsen kan mikroplast konsumerast av fleire dyr enn større plastgjenstandar. Plast kan innehalde miljøgifter, som vert overført til marint dyreliv.

– Miljøgiftene kan i verste fall skade reproduksjonsevna, eller føre til endra åtferd hos dyra, fortel Hildonen.

Artikkelen held fram under biletet

SØPPEL: Rådgivar i Miljødirektoratet Hannah Hildonen, synest det er trist å sjå plastsøppelet langs stranda.
SØPPEL: Rådgivar i Miljødirektoratet Hannah Hildonen, synest det er trist å sjå plastsøppelet langs stranda.

 

Meir frå klede enn kosmetikk

3. mars arrangerer Miljødirektoratet eit seminar om mikroplast, der det siste av norsk forsking på temaet blir presentert.
Konsulentselskapet Mepex har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, kartlagt ulike kjelder til mikroplast i havet. Det viser seg at vasking av syntetiske klede er ei større kjelde enn ein har trudd.

– Mikroplast frå syntetiske tekstilar som vert vaska i vaskemaskin i hushald, er ei av dei største enkeltkjeldene, fortel Hildonen.

Utslepp av mikroplast frå syntetiske klede via vaskemaskiner og til avløp i Noreg er på cirka 600 tonn per år.

– Det er 15 gonger større enn utslepp av mikroplast frå kosmetikk, som er den kjelda som til no har fått størst merksemd, fortel Hildonen.

I tillegg er såkalla innandørsstøv, frå syntetiske materialar i møblar og teppe, ei nesten like stor kjelde.

Artikkelen held fram under biletet

FISKEGARN: Restar av fiskegarn er éi av kjeldene til plastforureining i havet.
FISKEGARN: Restar av fiskegarn er éi av kjeldene til plastforureining i havet.

 

Dårlegare sjømattryggleik

Den amerikanske forskaren Mark Browne tok i 2011 prøver frå avløpsvatnet til vaskemaskiner, og fann ut at syntetiske klesplagg – som fleece, akryl og polyester – avgir omtrent 1900 ulike plastfiber når dei vert vaska.

Forskarar fryktar at desse plastfibrane skal ende opp på tallerkenen din. Nyleg samla forskarar ved State University of New York prøver frå 16 ulike fiskeslag i Lake Michigan. Alle fiskane inneheldt plastfiber. Studiar som har funne mikroplast i blant anna sjøløver og skjelpadder, tyder på at mikroplast rører seg oppover i næringskjeda. I 2012 var det dokumentert at minst 663 marine artar verda over var påverka av plastavfall på ein eller annan måte.

Maskinvask av naturmaterialar som ull, bomull, hamp og silke skal elles ikkje gi frå seg mikroplast.

Artikkelen held fram under biletet

PLAST: Plast utgjer omtrent 75 prosent av marint søppel. Store plastbitar vert brotne ned til mikroplast, fortel Hannah Hildonen, rådgivar i Miljødirektoratet. Ho plukkar opp plasten ho ser.
PLAST: Plast utgjer omtrent 75 prosent av marint søppel. Store plastbitar vert brotne ned til mikroplast, fortel Hannah Hildonen, rådgivar i Miljødirektoratet. Ho plukkar opp plasten ho ser.

 

Veit lite

Mattilsynet veit «svært lite» om korleis mikroplasten opptrer i miljøet, fortel Harald Nordås, seniorrådgivar ved Hovudkontoret, Avdeling Fisk og sjømat.

– Det er påvist mikroplast i blåskjel og fisk, men i svært små mengder. Mikroplasten er då funnen i mage-tarm på fisk og skaldyr, men det er ikkje kjent for oss at det er funne i blodet, seier han.

Mattilsynet er spesielt oppmerksam på at mikroplast kan trekke miljøgifter inn i sjømaten.

– Men miljøgiftene blir det analysert for, seier han.

Nordås er ikkje uroa over at mattryggleiken er trua av mikroplastpartiklar.

– Så langt er det ikkje forsking eller undersøkingar som gir haldepunkt for at mikroplastpartiklar påverkar dei etande delane av sjømaten negativt. Det vi får i oss av mikroplast, kjem i all hovudsak via tannkrem og kosmetikk, seier han.

I EU-systemet skal det no forskast på mikroplast.

Artikkelen held fram under biletet

ISOPOR: Plastmateriale som lett vert fragmentert til mindre kuler.
ISOPOR: Plastmateriale som lett vert fragmentert til mindre kuler.

 

Opptil 35 millionar per time

Kor mykje av mikroplasten som faktisk når det marine miljøet, avheng av kor mykje som slepp gjennom avløpsreinseanlegga. IVL Svenska Miljöinstitutet har no teke prøver av avløpsvatn både før og etter reinseanlegget ved tre norske avløpsreinseanlegg. Anlegga som vart undersøkt, reinsa mellom 87 og 99 prosent av mikroplastpartiklane. Likevel slapp dei ut mellom 3 og 35 millionar plastpartiklar per time.

– Og dette var moderne reinseanlegg. Eldre eller mindre avanserte anlegg kan reinse dårlegare, seier Hildonen.

(©NPK)

Til toppen