RAUS MEDGIFT: Balestrand, Leikanger og Sogndal vart tvinga ihop av regjeringspartia Frp og Høgre i samarbeid med Venstre. No ventar fleire titals millionar kroner i tilskot på den nye storkommunen. Foto: Kartverket.
RAUS MEDGIFT: Balestrand, Leikanger og Sogndal vart tvinga ihop av regjeringspartia Frp og Høgre i samarbeid med Venstre. No ventar fleire titals millionar kroner i tilskot på den nye storkommunen. Foto: Kartverket.

Så mange millionar får den nye storkommunen

Balestrand, Leikanger og Sogndal får godt betalt for samanslåinga. Allereie i år tikkar det over tretti millionar inn på kontoen.

Sogndal: Den nye storkommunen i Sogn vil få omlag seks millionar ekstra i årlege inntekter, i tillegg til eit eingongstilskot på 30 millionar i 2017, reformstøtte på 5 millionar kroner i 2020 og eit inndelingstilskot på omlag 38 millionar kroner frå 2020.

Det viser førebelse tal frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og KS.

Les også: Her tek ordføraren den første praten etter samanslåinga

Inndelingsskotet skal mellom anna kompensere for tap av basistilskot og vil bli utbetalt over femten år frå 2020, før det blir ei gradvis nedtrapping over fem år. Det utgjer allereie 2,5 millionar meir kvart år, enn om dei tre kommunane hadde halde fram kvar for seg, viser omtrentlege utrekningar frå Fylkesmannen.

I tillegg vil Stor-Sogn få eit regionsentertilskot, men summen her blir ikkje fastsett før det har kome nasjonale vedtak om samanslåing. Frå 2018 vil den samla potten utgjere 200 millionar kroner. Ifølgje NRK, som viser til utrekningar gjort av KS, vil den nye storkommunen i Sogn få nesten 4 millionar kroner i årleg regionsentertilskot frå neste år.

Til saman blir det svært omtrentleg 6 millionar i ekstra inntekter til den nye storkommunen frå 2020.

Vidare kan den nye kommunen òg søke om tilskot til infrastrukturtiltak. Potten her er på 150 millionar kroner. 

Til sist vil Leikanger få 4,4 millionar kroner og Sogndal 2,6 millionar kroner i 2017 som kompensasjon i samband med innføringa av eit nytt inntektssystem.

Til toppen