SPELEMIDLAR: Luster er det kommunen i Indre Sogn som får mest i spelemidlar. Foto: Ina Eirin Eliassen.
SPELEMIDLAR: Luster er det kommunen i Indre Sogn som får mest i spelemidlar. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Så mykje fekk din kommune i spelemidlar

No er spelemidlane til Sogn og Fjordane fordelt. I Indre Sogn er det Luster som får mest per innbyggar. Sjå kor mykje din kommune får.

Sogn og Fjordane fekk i år ei rekordtildeling av tilskot frå spelemiddelordninga, som er overskotet frå Norsk Tipping AS. Heile 55 millionar er no fordelte til kommunar, lag og organisasjonar i fylket.

107 søknadar har fått støtte, og pengane går til innandørs og utandørs idrettsanlegg og friluftslivsanlegg som dagsturhytter, turstiar, turvegar og kart.

I Indre Sogn er det Luster som får mest pengar per innbyggar med 1.266 kroner per innyggar. Det skuldast ei sterk satsing på friluftsliv og tildeling til fleire anlegg i regional plan. I motsett ende finn ein Årdal, som berre får 50 kroner per innbyggar.

– Det er ei sterk dugnadsånd i heile fylket, noko som er bra både for omdømet vårt og identiteten vår. Tildelinga viser variasjon i ulike typar anlegg, og alle kommunar som har søkt, får pengar. Det støttar opp under visjonen for arbeidet vårt, fysisk aktivitet for alle, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Oversikt over fordeling av spelemidlar

Kommune Tildelt midlar Godkjend søknadssum
Luster 6 519 000 14 539 000
Sogndal 5 167 000 20 626 000
Leikanger 1 084 000 2 084 000
Lærdal 712 000 1 200 000
Aurland 300 000 12 712 000
Årdal 600 000 814 000

 

Til toppen