SPARAR PENGAR: Årdal kommune har spart om lag 750.000 kroner på å samlokalisere legekontora til Øvre Årdal, viser ei utgreiing frå administrasjonen. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).
SPARAR PENGAR: Årdal kommune har spart om lag 750.000 kroner på å samlokalisere legekontora til Øvre Årdal, viser ei utgreiing frå administrasjonen. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).

Så mykje har kommunen spart på å slå saman legekontora

I løpet av det første driftsåret sparte kommunen 750.000 kroner på å slå saman legekontora i Årdal.

Årdal: Det kjem fram av ei utgreiing som administrasjonen i kommunen har gjort og no legg fram for politikarane. Med andre ord har ein nesten greidd målet om å spare 900.000 kroner per år som følgje av samanslåinga av legekontora.

Det var koalisjonen med Senterpartiet, Venstre, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne som før jul bestilte utgreiinga i samband med handsaminga av budsjettet for 2017. Sjå forklaringa på reknestykket nedst i artikkelen.

VIKITIG: Kor det vart av innsparingane ein skulle få med helsehuset er eit spørsmål Erling Offerdal og Senterpartiet har stilt fleire gonger. 
VIKITIG: Kor det vart av innsparingane ein skulle få med helsehuset er eit spørsmål Erling Offerdal og Senterpartiet har stilt fleire gonger. 

– Dette er ei sak som Senterpartiet har vore opptekne av og har stilt spørsmål rundt dette tidlegare, og då fekk me eit litt anna svar, sa Erling Offerdal (Sp) då formannskapet fekk saka på bordet tysdag. 

– Forskjell på budsjett og rekneskap

I samband med revidert budsjett sa rådmannen at dei 900.000 kronene skulle brukast til å styrke barnehagane. Tidlegare har økonomisk rapport vist eit meirforbruk på området, noko som då vart forklart med vikarbruk og sjukemeldingar, noko som på det tidspunktet ikkje var periodisert i rekneskapen.

– Det er forskjell på rekneskap og budsjett. Då eg uttalte meg i kommunestyret om dei 900.000 kronene til barnehagane, så gjorde me det for å styrke det området. 

– Då eg uttalte meg, var det i samband med revidert budsjett. Når eg no skal legge fram saka, må eg inn i rekneskapstala. Då er det ikkje tvil om at me har redusert med eit årsverk og tatt ned på FDV. Eg har ikkje sagt sagt anna i kommunestyret enn det eg seier no. Det eine er budsjett, og det andre er rekneskap, sa Olve Fossedal.

RETT: Hilmar Høl (Ap) meiner samanslåinga kan vise seg å vera eit rett grep for å oppretthalde eit tilbod om legesenter i Årdal.
RETT: Hilmar Høl (Ap) meiner samanslåinga kan vise seg å vera eit rett grep for å oppretthalde eit tilbod om legesenter i Årdal.

Framleis ei viktig sak

Samlokaliseringa av helsetenestene var ein enorm snakkis og eit brennheitt tema då fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for samanslåinga. Eitt av argumenta for at kommunen, som då var på Robek-lista, i det heile fekk lov til å låne pengar for å gjennomføre ombygginga, var fordi ein skulle spare nesten millionen i åra etter.

– Dette er framleis ei viktig sak for lokalsamfunnet. Så kan me ha meiningar om dette sama kor me står, men uansett gjorde me dette for å styrke helsetenesta og gi betre tenester til innbyggjarane sjølv om avstanden vart litt lengre for nokre. Det viser seg at dette kan vera viktig for framtidig rekruttering og for å oppretthalde eit tilbod med legesenter i Årdal, sa Hilmar Høl (Ap).

– Ein kan seie kva ein vil om prosjektet, men legetenesta seier sjølv at det er ein styrke å ha alle legane under same tak. Det manglar kanskje 150.000 opp mot det me ønskte å spara, men organisasjonen vår er levande frå år til år. 

Slik gjekk det til

I det første driftsåret har ein altså klart å spare 750.000 kroner. Det har seg slik:

Før vedtaket hadde tenesta 7,9 årsverk. Etter vedtaket, men før samlokaliseringa vart det tilsett ein sjukepleiar i 80 prosent stilling med særleg ansvar for asylsøkjarar. Det gjorde at lønsutgiftene gjekk opp. Tenesta hadde då 8,7 årsverk.

Etter samlokaliseringa, og i samsvar med vedtaket, reduserte ein bemanninga med éi sjukepleiarstilling frå 1. januar 2016. No er også sjukepleiarstillinga knytt til asylsøkjarar avvikla, og då tel teneste 6,9 årsverk i dag. I fastlønspostane ligg det også inne løn til legar for offentleg helsearbeid tilsvarande 1,4 årsverk. Frå januar i år er den redusert med 13,3 prosent knytt opp mot helsetenester til asylsøkjarar.

Med ein reduksjonen av denne stillinga, som tilsvarar 550.000 kroner, pluss ein reduksjon i utgiftene på 200.000 kroner frå forvaltning, drift og vedlikehald (FDV), har ein spart om lag 750.000 kroner i første driftsår.

Til toppen