FLOTT: Kongevegen i Filefjell framstår i ei ny drakt etter opprustinga. – Dess meir Kongevegen blir brukt, dess meir vedlikehald blir det, dess gladare blir vi, seier ordføraren.
FLOTT: Kongevegen i Filefjell framstår i ei ny drakt etter opprustinga. – Dess meir Kongevegen blir brukt, dess meir vedlikehald blir det, dess gladare blir vi, seier ordføraren.

Så mykje kostar det å halde Kongevegen ved like

Det har kosta 30 millionar kroner å sette Kongevegen i stand. No startar arbeidet med å halde den ved like. – Vi kan ikkje gå med ljå overalt heller, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Lærdal: Kongevegen over Filefjell er hundre kilometer lang, går gjennom to kommunar og over all slags terreng. Etter restaureringa er håpet at den skal verte ein viktig turistmagnet i området. 

– No er dei historiske strekningane nesten i betre stand enn når vegen var ny. Vi har brukt mykje av skattebetalarane sine pengar for å få vegen opp på eit så høgt nivå. Då må dei få ei god oppleving og sjå at det blir teke vare på, seier ordføraren. 

– Vi ikkje gå med ljå overalt

For å få til dei har Lærdal kommune sett av 200.000 kroner, medan Statens vegvesen bidreg med 310.000 kroner i året.

– For å gjere jobben skikkeleg har vi laga detaljert plan for korleis vi skal vedlikehalde denne vegen. Det er viktig at det er eit grad av stell, både der det er grusveg, grasveg og asfalt, seier ordføraren.

Denne sommaren vert den første testen på om planen fungerer. Uansett vert det nok litt prøving og feiling for å kome fram til den optimale måten å gjere det på. Mellom anna skal dei leige ei fjernstyrt klyppemaskin, for å sjå om det passar.

– Dei verna strekningane er ekstra utfordrande, der veks gras og tre oppatt ganske kjapt. Vi vil ikkje bruke sprøytemiddel, for vi må ta vare på det biologiske mangfaldet, det er ein del av opplevinga. Og så kan vi ikkje gå med ljå overalt heller. Det har kome maskiner no som er temmeleg fleksible, så vi skal prøve ut kva som er best, seier Solheim.

Forpliktande samarbeid

No jobbar dei med å få på plass ein vedlikehaldsavtale med Vang kommune, som vil forplikte dei to til å halde vegen i stand også i framtida.

Den skal etter planen signerast den 18. august. 

– For Lærdal er dette det viktigaste reiselivsproduktet som kan brukast heile året. Her kan du sykle og gå og det er masse å oppleve langs vegen. Den går gjennom to forskjellige kommunar, to forskjellige fylke og to forskjellige vegvesen. Då er det ekstra viktig å bli einige om vedlikehaldsarbeidet, seier Solheim.

 

Til toppen