Sogndal: Førre torsdag fekk politikarane rekninga på bordet: 1,5 kilometer fjordsti i Sogndal kjem til å koste nesten seksti millionar. Den første delen er ferdig og kosta omlag 40 millionar kronar, den andre delen er forventa å koste 18,5 millionar.

Men det reknestykket fortel ikkje heile historia. For av den totale summen utgjer statlege og fylkeskommunale tilskot 28 prosent, eller 16,5 millionar kroner. I tillegg tek Statens vegvesen ansvar for delar av fjordstien i samband med bygginga av den nye Loftesnesbrui.
– Det er veldig bra og viser at fjordstien er ein type prosjekt som er av nasjonal interesse. Det å vende seg mot sjøen og leggje til rette for gangstiar i sentrum er viktig for tettstadutvikling og for folkehelsa. Det er nok grunnen til at vi har fått såpass mykje eksterne midlar, seier varaordførar Laura Kvamme (Sp).
Les også: Bli med langs den nye fjordstien
Les også: No står siste del av fjordstien for tur

Har fiksa kloakkproblem med fjordstibygging
Dei omlag 42 millionane kommunen må ut med sjølv er fordelt slik: 20,7 millionar er lånefinansiert gjennom VA-budsjettet, 18,4 millionar er henta frå diverse kommunale fond og 3,25 millionar kjem frå overskotet i 2016-budsjettet, altså det einaste bidraget som kan seiast å gå utover generaløkonomien til kommunen.

Grovt sagt er ein tredel finansiert eksternt, ein tredel via fond og ein tredel via VA-budsjettet. Forklaringa på det siste er at kommunen har brukt fjordstien som eit påskot til å få fiksa ein del utfordringar knytt til kloakkutslepp i fjorden og manglande vasstilførsel i området.
– No er det berre å hoppa ut i fjorden og ta seg eit bad i friskt og godt vatn. Det er ikkje så forferdeleg mange år sidan eg ville ha tenkt meg godt om før eg gjorde det, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap).
– Skjult ekstraskatt for alle innbyggjarane
I sist møte stemte eit samla formannskap for å fullføre fjordstien, sjølv om det var noko usemje om måten dei skulle løyse finansieringa. Men fjordstien har vore ei politisk stridssak omtrent sidan idèen vart fødd og fram til i dag.

– Det er eit flott prosjekt, som kjem til å bli kjempeflott til slutt. Men det kostar pengar og det går ut over noko, til dømes vedlikehald av kommunale vegar. Og så er det ei skjult ekstraskatt for alle innbyggjarane i Sogndal, seier Einar Vatlestad (H) og viser til avgiftene for vatn og avløp som har gjort eit prishopp etter at byggjinga av fjordstien starta.
Les også: Fjordhotellet mister strandlinja, men får lite attende
Samstundes meiner han det ikkje er rett å seie at fjordstien no blir fullført.
– Det viktigaste står att, nemleg bru over sogndalselva. Eg tykkjer kanskje det er den delen me ville hatt størst nytte av. Hadde me fått bru over elva kunne me ha revitalisert gamle sentrumsfjøra på ein heilt ny måte, seier Vatlestad.

Framleis usikre moment
Opposisjonen har gjentekne gonger dei siste åra bedt om å få alle kostnadane for bygginga av fjordstien på bordet. Det har dei fått no, i allefall så godt det let seg gjere. Enno er det usikkert kor mykje tvisten med entreprenøren Contexo vil koste og ingen kan garantere at budsjettet held for siste delen av utbygginga.
Uansett, at over ein fjerdedel av fjordstien blir finansiert av staten og fylkeskommunen imponerer ikkje Vatlestad.
– Det er sjølvsagt kjempeflott. Men når me byggjer ny aldersheim, til dømes, så får me masse eksterne midlar. Investeringar er ofte slik inretta, seier han før han legg til:

– Eg må få presisera, fjordstien er blitt kjempeflott.
– Alle er samde om at det blir fint
– Diskusjonar skal me tåla. Men når den dagen kjem at me brukar alle tilgjengelege midlar på drift, då stoppar utviklinga opp. Dette prosjektet er med å løfta Sogndal til å ta det neste steget vidare. Det blir som eit smykke for bygda, seier ordførar Jarle Aarvoll.
Til no synst han gjerne gjestene våre har vore dei flinkaste til å skryte av fjordstien, systrendingar og lustringar som er på besøk. Ordføraren trur likevel at fjordstien etter kvart òg vil gjere innbyggjarane stolte.
– Eg merkar at færre og færre kvir seg for å seia at «jammen vart det flott», seier ordføraren.
Les også: Skuldar opposisjonen for forsøk på å torpedere fjordstien
Varaordførar Laura Kvamme minner om at med fjordstien og den nye Loftesnesbrui vil Sogndal få ein samanhengande gangveg frå Hagelin til Kjørnes.
– Mange vil fortelle kva han vil koste, men eit samrøystes formannskap ønskjer å byggje fjordstien ferdig. Alle er samde om det blir fint, sjølv om det er litt usemje om finansieringa, seier ho.
