STOLT: Aksjonsleiar i Årdal, Marie Helene Hollevik Brandsdal, seier ho er stolt over dugnadsinnsatsen som vart lagt ned for TV-aksjonen søndag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
STOLT: Aksjonsleiar i Årdal, Marie Helene Hollevik Brandsdal, seier ho er stolt over dugnadsinnsatsen som vart lagt ned for TV-aksjonen søndag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Så mykje vart samla inn i Årdal og Lærdal

Sogn og Fjordane gav mest til TV-aksjonen i landet. Innad i fylket ligg både Årdal og Lærdal høgt.

Årdal/Lærdal: Leiar for aksjonskomiteen i Årdal, Marie Helene Hollevik Brandsdal, er godt nøgd med innsatsen som vart lagt ned i kommunen. 

Berre fire kommunar i Sogn og Fjordane gav meir enn årdølene til TV-aksjonen, som i år samla inn pengar til Regnskogfondet. 

Årdølene gav i snitt 54,39 kroner per innbyggjar. Berre i Luster, Solund, Aurland og Høyanger gav dei meir.

Stolt

– Det gjekk kjempebra. Eg er stolt over den dugnadsinnsatsen som vart lagt ned. Den gjer meg rett rørt. Me fekk fylt opp rodane med folk, og på Årdalstangen var alle å henta bøssene sine på torsdag og fredag, så der var dei i gong før 16.00 i går, smiler ho.

Les også: Kokkelerte for regnskogen

Også i Øvre Årdal gjekk ting fint, men ei lita misforståing gjorde at enkelte husstandar på Teigane og Veesida ikkje fekk besøk.

– Det vart oppdaga i går kveld då ei ringte og fortalte at ho ikkje hadde fått besøk. Det viste seg at personen som hadde den roden, trudde han skulle gå i Bukti, så dette var ein menneskeleg svikt. Det er slikt som skjer, seier Brandsdal. 

Over landssnittet i Lærdal også

I Lærdal samla i snitt inn 44,02 kroner per innbyggjar, noko som gjer dei til den 8. beste kommunen i fylket. 

Les også: Ungdomen stiller opp for regnskogen

– Det er noko mindre enn i fjor, men likeeins noko høgare enn landsgjennomsnittet. Det er me nøgde med, seier aksjonsleiar Renate Fossen.

Litt fjernt

Trass gåvmilde årdøler og lærdøler blei det samla inn mindre totalt sett i heile landet enn i fjor. Årsaka til det, forklarar Brandsdal slik.

– Det er slik at innsamlinga er avhengig av kven som får midlane frå år til år. Ta til dømes noko nært som kreft, som mange av oss kjenner anten ved at me har opplevd det eller kjenner andre som har hatt det, så er det heilt naturleg at det får inn meir pengar enn noko som kjennes lengre vekke frå oss. 

– Men med dette i tankane er det eit fantastisk resultat, legg ho til. 

Lite til kulturkafeen

Likevel var det ein liten skuffelse at kulturkafeen i klubbhuset i Øvre Årdal ikkje fekk inn meir enn 2100 kroner samanlikna med dei 12 000 dei fekk året før.

– Det var veldig lite folk, og når du skal vega det opp mot kor mange timar dei brukte på å laga mat heile fredag og tidleg laurdag, så er det kjedeleg. Men eg og Henrik (Rønningen journ.anm.) snakka om dette og funne ut at me annonserte dette for dårleg. 

Til toppen