DYRARE ENN VENTA: Helsehuset i Øvre Årdal får ein prislapp på nesten 15 millionar kroner. Det er bortimot 4,5 millionar dyrare enn det som var sett som tak. Foto: Jonny Asperheim.
DYRARE ENN VENTA: Helsehuset i Øvre Årdal får ein prislapp på nesten 15 millionar kroner. Det er bortimot 4,5 millionar dyrare enn det som var sett som tak. Foto: Jonny Asperheim.

Så mykje vil helsehuset kosta

Ti dagar etter anbodsfristen gjekk ut er endeleg prislappen på eit helsehus i Øvre Årdal klar.

Helsehussaka har fått ei ny vending. Etter at anbodsfristen gjekk ut førre måndag, er det no klart kor mykje ei samlokalisering av helsetenester vil kosta Årdal kommune.

Den prislappen blei klar onsdag og ligg på 14,9 millionar kroner. Det er 4,4 millionar over dei budsjetterte 10,5 millionane som som blei løyvd til prosjektet i mars.

Desse 4,4 millionane skal ein få inn ved å ta ytterlegare 3,52 millionar kroner frå investeringsfondet og momskompensasjon på 880.000 kroner. 

Dette gjer at ein av forkjemparane for saka no snur.

– Under forutsetning av at eg ikkje har lese saka grundig nok er min umiddelbare kommentar at eg ikkje kan gå for dette, seier Anne Kauppi (Ap) til Porten.no.

Overraska over prisen

I anbodet er det teke inn fleire oppgraderingar som ikkje var kalkulert med i saka til kommunestyrehandsaminga i mars, der ein ny heis utgjer den største posten.

– Då me stilte nokre spørsmål i forkant av saka, så kjem det altså ei saksutgreiing frå FDV (Forvaltning, drift og vedlikehald) den 20. april, og me hadde dette oppe i mars om at dette gjaldt heile tilstanden til helsehuset. 

– Då synest eg at den støtten frå administrasjon som me politikarar treng for å gjera dei rette beslutningane, den hadde ikkje me. Kvifor skal me ha den no? held ho fram og seier ho er overraska over at prisen overskrider budsjettet.

– Det overraskar meg at den sprekk så mykje, og det overraskar meg at rådmannen skriv at det er heisen, for det spurte me om spesifikt og fekk vita at den var god nok og skulle stå. 

– Lurt

Det er ikkje berre heisen som er ein viktig post som har kome med her. Også taket, som vert skildra som «gamalt, fleire tilfelle med lekkasjer», er med.

Hilmar Høl (Ap) seier han respekterer dei som no set foten ned og vil seia nei.

– Men samstundes så vil dette innebere at me set oss sjølv fem år tilbake i tid. Den ekstrakostnaden som kom med tak og heis var noko politikarane ikkje var klar over.

– Når me då vedtek ei sak, og det kjem tilstandsrapportar kort tid etter frå FDV som seier korleis tilstanden er utan at me visste om det, så er eg enig med ho Anne at då er me lurt, byrjar han til Porten.no.

Rådmannen: – Mitt ansvar

Rådmann Fran Westad seier til Porten.no at dersom politikarane meiner noko er feil, så er det han som har ansvaret for dette, ikkje enkelte grupperingar i kommunen.

– Viss det er gjort nokon feil, er det mitt ansvar. Det er viktig å få fram. Det er klart at det denne saka handlar mest om er bruk av pengar og lokalisering.

– Det skulle gjerne vore slik at denne summen kunne vore kjend kjend tidlegare, men poenget no er å finna ut kva dette verkeleg dreiar seg om, nemleg om me skal bruka pengar på dette eller ikkje, seier han.

Like kostbart å seia nei

Likevel er Høl klar på at han ønskjer å få dette i hamn sjølv om det går 4,4 millionar kroner over budsjettet.

– Taket i huset blir ikkje tett om me seier nei. Der må me løyva pengar. Og viss heisen er av ein slik standard at den er til fare, så lyte me bytta han fordi det framleis er eit helsehus.

– Og det som ligg på Tangen er sagt frå Arbeidstilsynet at det ikkje er godt nok. Me må gjera mykje med det og har hatt det kravet over oss lenge. 

– Alt dette inneberer at me må investera rundt fem millionar 2009-kroner, og då kjem me fort opp i ein 8-9 millioner i dag. Då er me oppe i ein sum på 11 millionar kroner for at me skal ha det slik me har det i dag. Og me tek ikkje ut innsparingane som me har kalkulert med ved å ha eitt legekontor.

Ved å gå for dette alternativet vil kommunen spara i underkant av éin million kroner årleg. Dette er mykje av grunnen til at Høl ønsker å ha framdrift i helsehussaka.

– Eg forheld meg til retten til å seia det eg meiner, og meina det eg meiner. Og så får ein heller sjå om dette gjev seg utslag i nominasjon og eit komande kommuneval.

Ja-menneskje

I Årdal Arbeidarparti var det delte meiningar då saka blei teken opp på medlemsmøtet onsdag kveld. Det var spesielt frykten for at dette kom til å kosta meir enn dei 14,9 millionane som er sett opp fleire uttrykte. Høl forblir løysingsorientert.

– Me hadde mange mange kommunestyrerepresentantar på møtet no, og dei er veldig usikre sjølvsagt. Eg er sjølv usikker, men det er klart at det pedagogiske signalet ved å vera eit absolutt ja-menneskje er dårleg fordi det er såpass store og klare overskridelsar. 

– Me får sjå no då. Det skal gå ein runde med anbodarar og kva dei kan bidra med, og så er det jo opp til politikarane kva dei vil prioritera i prosjektet. Taket er ein ting som må prioriterast, men er heisen naudsynt å ta i første omgang? seier han.

– Eg trur ikkje me kjem ned på den grensa likevel. Det vil uansett vera ein tung bidragsytar for heis er ikkje billig. 

Til toppen