Safe frå politimeisteren​
(Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

MEININGAR

Safe frå politimeisteren​

Lærdal får behalde lensmannskontoret sitt, men for Aurland og Årdal er dette eit stort tap. 

LEIAR: Det var nok mange som var skuffa over tilrådinga til politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt då han tysdag føreslo å leggje ned lensmannskontora i Årdal og Aurland og behalde Lærdal.

Totalt 17 kontor vert lagt ned i Vest, der tre av desse er i Sogn. Også Luster mistar sitt lensmannskontor. Sogndal og Vik får behalde sine. 

Men det var på sørsida fjorden det var knytt mest spenning til tilrådinga. Alle kommunar sat med gode argument for å behalde sitt kontor, men det beste argumentet sat kanskje Årdal med.

I desse reformtider skal ein vere varsom med å leggje for mykje vekt på «der folk flest bur», men det er ingen tvil om at ein stussar litt når Årdal, som har fleire innbyggjarar Lærdal og Aurland til saman, mistar kontoret sitt.

«Oppgåver skal løysast på nye måtar» og «politiet skal vere meir på vegane», er argumenta for reforma. Då fell det på si eiga urimelegheit at ein vel Lærdal fordi det ligg midt mellom. Med desse argumenta bør det ikkje spele store rollen kor kontoret ligg, eigentleg, men framleis er Årdal det beste valet.

Dette er å køyre safe frå politimeisteren. 

Aurland, Lærdal og Årdal er tre ulike kommunar. Dei har ulik type kriminalitet og ulike arbeidsoppgåver. Aurland har ekstremt med turistar. Dei har ei Schengenhamn. Årdal har ikkje så mange turistar enno, men dei har ei Schengenhamn med fleire anløp enn Aurland.

Lærdal har trafikkstasjonen på Håbakken. Stamvegen går gjennom kommunen, som fungerer som eit slags knutepunkt mellom aust og vest. Så ligg dei midt mellom. 

Så har ein Årdal, som ikkje berre har éin, men to industristader. Og utfordringar knytt til rus. Det vert sagt at kommunen har byliknande kriminalitet. Om få år, har dei busette politibetentane frå Årdal pensjonert seg. Då kan det vere at den største kommunen med sine utfordringar vert utan busette politifolk. 

På Dagsrevyen i går fekk ein høyre om at alle kommunar i landet skal få eigne politikontaktar. Dette hadde me aldri hatt før i Noreg, vart det sagt. Då er det lett å late seg provosere når ein kjenner til arbeidet politi og kommune gjer i Årdal gjennom Årdal Tenk Tryggleik for å nemne eitt døme.

Ein skal ikkje gløyme at ein del av diskusjonen også gjekk på kontorlokale og kostnad. Dersom dette ebbar ut i at Lærdal er ei billigare løysing, så er det absolutt kritikkverdig då me her snakkar om tryggleiken til innbyggjarane. 

Alle tre kommunar har gode argument. Den beste løysinga ville kanskje vere eit kontor i Årdal og Aurland, i og med at politidirektøren sjølv gjekk ut og sa at kutta var for drastiske og fastsette eit minimum av 210 kontor.

I eit så stort område som Indre Sogn er, ville det då vore mest fornuftig å behalde ytterpunkta – eller i det minste der folk flest bur. Det er iallfall det som er gjennomgangsmelodien i alle andre reformdiskusjonar. 

No er det opp til Politidirektoratet å fatte endeleg beslutning. I mellomtida må kommunane jobbe endå hardare for å få vilja si, og då er det ikkje nok med eit høyringsinnspel frå kommunestyret. Ein må verkeleg ta kampen til døra og leggje eit enormt press.

Til toppen