STOLT TRIO: Lerumsjef Trine Lerum Hjellhaug, florøtrenar Terje Rognsø og fylkesordførar Jenny Følling nyt eit glas champagne før festmiddagen. Foto: privat.
STOLT TRIO: Lerumsjef Trine Lerum Hjellhaug, florøtrenar Terje Rognsø og fylkesordførar Jenny Følling nyt eit glas champagne før festmiddagen. Foto: privat.

Saftdronninga på kongeleg feiring: – Eg vart mållaus

Vart sett på bord med den engelske ambassadøren og grevinna av Wessex.

Oslo: Trine Lerum Hjellhaug var som ein av 270 gjester invitert i Operaen for å feire 80-årsdagen til kongeparet.

– Det var litt spesielt, det er så eg lurer på kva eg har vore med på, seier lerumsjefen, som saman med florøtrenar Terje Rognsø og fylkesordførar Jenny Følling representerte Sogn og Fjordane på festmiddagen.

– Det var veldig flott arrangement og nokre utruleg flotte talar. Kjekt å få vera med på noko slikt, det er vel ein gong i livet du får anledning til, tenkjer eg, seier Lerum Hjellhaug.

Les også: Forbrukarane har tala: Tidenes syltetøysal for Lerum
Les også: – Sikker på at me skal røysa oss 

Ho innrømmer at ho var litt nervøs før ho skulle mingle med kongelege frå heile Europa. Under middagen sat ho mellom anna på bord med den engelske ambassadøren og grevinna frå Wessex, kona til prins Edward. Av meir nasjonale storleikar var Bent Høie og Jonas Gahr Støre òg bordkavalerar.

– Det var godt å ha han Terje ved si side, for å seia det slik, seier Lerum Hjellhaug, før ho legg til at praten losna etter kvart.

At ho skulle bli invitert til ei slik tilstelling ser ho på som ei fantastisk stor ære.

–Eg vart mållaus då eg opna den invitasjonen, eg hadde aldri tenkt tanken ein gong. Eg er veldig glad for at eg fekk lov til å oppleva det.

Til toppen