Saftig, sukkerfri eplekake

Saftig, sukkerfri eplekake

Her får du oppskrifta på ei sunn, sukkerfri eplekake som kan nytast i haustmørket - og det med godt samvit!

Du treng:

1 egg
50 gram havremel (Du kan også male havregryn til mel i ein blendar)
50 gram gresk yoghurt/kesam
0,5 ts bakepulver
1 ts kanel
50 gram sukrin
1 eple kutta i terningar 
Eit par dropar vaniljestevia (Ikkje nødvendig)

Framgangsmåten er veldig enkel:

Set først steikeomnen på 180 grader. Ha så epleterningane i ein bolle, strø over ei lita mengd kanel og sukrin (utanom det som allereie står i oppskrifta), og køyr dette på full guffe i mikroen i eit par minuttar. I mellomtida hakkar du opp eplet og køyrer alle dei andre ingrediensane i ein blendar eller med stavmiksar til du får ei glatt røre. Du kan justere med litt vatn dersom den blir veldig tjukk. Smør deretter ei lita, ildfast form (eg brukte ei på 12 cm i diameter), ha i epleterningane og hell over røra. Set inn forma i omnen og vent i ca. 20 minuttar.

Ta så ut kaka og vent eit par minuttar til den har kjølt seg litt ned. Sjølv tenkte eg at kaka ville smake enda bedre (og sjå enda litt finare ut) med litt hakka mandlar på toppen. Anna topping kan vere andre hakka nøtter, rosiner, kesam eller anna.

Bon appétit ♥

Til toppen