PÅ TOPPEN: Bussjåfør Ragnvald Bjørgum forklarar fylkesordførar Jenny Følling at bussen ikkje er all verda å gira med. Aurlandsordførar Noralv Distad var reiseleiar på turen. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
PÅ TOPPEN: Bussjåfør Ragnvald Bjørgum forklarar fylkesordførar Jenny Følling at bussen ikkje er all verda å gira med. Aurlandsordførar Noralv Distad var reiseleiar på turen. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Saftige historier då jubileumsbussen kraup seg over Aurlandsfjellet

Det gjekk ikkje fort, men ein Volvo 71-modell med utvalde gjester kom seg over fjellet og markerte starten på 50-årsjubileet for den spektakulære fjellvegen. Det blei til og med ei forbikøyring.

Aurland: – Det er ikkje berre-berre å gira med dette. Den rapar og herjar på. Dårleg synkronisert, veit du, seier bussjåfør Ragnvald Bjørgum.

Oppdraget han har fått må seiast å vera både krevjande og ærefullt; eit knippe utvalde gjester fekk køyra den 46 år gamle bussen over Aurlandsfjellet som del av 50-årsmarkeringa.

Vegen over Aurlandsfjellet opna offisielt 1. juli 1967. Torsdag 1. juni opna overgangen for 2017-sesongen, og med på jubileumsturen var fleire av dei som bygde vegen, fleire som køyrde buss over vegen første åra og representantar frå instansar som har hatt med vegen å gjera i form av eigarskap eller forvalting.

Sjølv om det gjekk smått med den klassiske bussen opp frå Erdal - som Aurland kommune lånte av Norsk rutebilhistorisk forening for høvet - klarde den likevel å gjennomføra ei forbikøyring. Den forbikøyrde var (sjølvsagt) ein Dethleffs campingbil.

– Han slit campingbilen også, seier Anders Aasen, som køyrde buss over Aurlandsfjellet i ei årrekkje frå overgangen opna.

Artikkelen held fram under biletet

UTVALDE GJESTER: med på jubileumsturen var fleire av dei som bygde vegen, fleire som køyrde buss over vegen første åra og representantar frå instansar som har hatt med vegen å gjera i form av eigarskap eller forvalting.
UTVALDE GJESTER: med på jubileumsturen var fleire av dei som bygde vegen, fleire som køyrde buss over vegen første åra og representantar frå instansar som har hatt med vegen å gjera i form av eigarskap eller forvalting.

Sprengde telegraflinja i filler

På turen vart det nokre korte stopp med innlagde historiar. Jon Turlid var med og bygde vegen, og budde då til tider på Kvigno i Erdal.

– Me sprengde veg så det var att verken telegrafstolpe eller -linje, fortalde han om ei gong dei tok vel hardt i.

– Så låg det ein daud hjort nedi elva her. Erdølene fekk drikkevatnet sitt frå elva, så det vart spørsmål om kva me skulle gjera med denne hjorten. Me sprengde den så kjøtslintrene fôr over hustaket.

I sluppen var det bomstasjon til utpå 80-talet, litt nedanfor der det er bom no. Monica Finden, som var blant dei folkevalde representantane på turen, hadde sommarjobb i bommen og fortalde om korleis ho tente seg litt ekstra.

– Eg plukka steinar nede i elvi og selde dei til turistane.

– Førti år sidan eg køyrde denne bussen sist

Ganske på toppen av fjellet stod Holmshytta under anleggsarbeidet. Det gjer den ikkje lenger. Aurlandsordførar og reiseleiar Noralv Distad forklarde kvifor.

– Den brann ned. Og då ein frå Televerket, som eigde hytta, spurde om den var totalskadd, svarde oppsynsmannen. "Jau, med unntak av ein kopp og ei ause".

Så gjekk turen ned til Stegastein for ein liten pause før siste etappe ned til Aurlandsvangen og resten av jubileumsmarkeringa.

– Var du på noko tidspunkt bekymra for at bussen ikkje skulle koma over?

– I grunnen ikkje, for den er i god stand. Men ting ryk no på nye bussar også, så ein veit aldri. Så er det no førti år sidan eg køyrde den sist, seier sjåfør Bjørgum.

– Du køyrde akkurat denne bussen?

– Mange, mange gonger. Eg og han Øystein.

– Å ja, bevares, seier Øysten Skahjem, som står ved sidan av.

Til toppen