Sogndal: Gjennom store delar av livet har Helge Ivar Skjerven sete på tribuna på Fosshaugane Campus, og sett Sogndal kniva om tre poeng.
Han fortel at han har støtta laget sidan han var rundt 18 år, og med unntak av ei lita periode, har han alltid vore til stades og heia fram Sogndal.
– Sogndal har vore i hjarta mitt i alle år. Å koma på kamp gjev meg glede og avslapping. Eg får oppleva noko anna enn i den vanlege kvardagen min, seier Skjerven.
Skjerven:– Viktig å støtta laget i dårlege tider
Laget frå Sogndal har i det siste vore inne i ei tøff periode.
Kampen på Fosshaugane Campus i går var inga unntak, då dei tapte 1-2 mot Ull/Kisa. Sogningane fekk dermed sitt tredje strake tap på heimebane.
Han seier at han ikkje har mista motet og held på draumen om opprykk til Eliteserien, og legg vekt på at det er spesielt viktig å møta opp for å støtta laget i dei dårlege tidene.
Saka held fram under biletet.

Skjerven kan jamvel vera kritisk til prestasjonen til spelarane og seier at sundagens kamp ikkje var noko å skryta av.
– Me har vel sett to keepertabbar. Sjølv om dei 10 første minutta var bra, so dabba det av etter kvart. Dei må bli betre i duellspelet og bevega seg meir, seier han.