SÅG MØRKT UT: Kvart år sidan 1972 har tiandeklasse ved Lærdalsøyri skule gått over Beseggen, men i år såg det mørkt ut for turen. Foto: Privat.
SÅG MØRKT UT: Kvart år sidan 1972 har tiandeklasse ved Lærdalsøyri skule gått over Beseggen, men i år såg det mørkt ut for turen. Foto: Privat.

Såg mørkt ut for klassetur

Men elevar og foreldre redda tradisjonen. 

  • Endret

Det flotte tiltaket med å la 10. klasse på Lærdalsøyri skule starta skuleåret med å ta ein tur i Jotunheimen starta allereie i 1972 .

I år var det likevel usikkert om klassen fekk ta den tradisjonelle turen.

10. klasse over Besseggen for 42. gong

I år såg det svært mørkt ut for den gode tradisjonen. Rett før sommarferien fekk nemleg klassekontaktane for 10. klasse eit brev frå rektor Ivar Fykse om at på det stramme skulebusjettet ikkje var avsett ei krone til nokon Jotunheimtur.

Etter fleire møter med rektor vart det bestemt at dei skulle få tur men, då utan ei krone frå skulen. Klassekontaktane Anders Tønjum og May Britt Berge Solheim sat seg ned og skreiv ein søknad om støtte til turen, som dei sendte ut til mange bedrifter i Lærdal.

I søknaden stod det kva pengane skulle gå til, på den tre-dagars lange turen, med start frå Eidsbugarden.

Overnatting med mat på Gjendebu og Memurubu. Medan køyring før og etter turen skulle takast på dugnad med foreldre. 

Ved skulestart kunne klassekontaktane gleda dei 20 elevane med at det vart tur i år og.

Elevane jubla i taket og det vart mykje skryt til klassekontaktane for flott jobb dei hadde gjort får å få til tur, og ikkje minst ein stor takk til bedriftene som støtta prosjektet Jotunheimtur 2014: Lærdal Energi, Lærdal Grønt, Lærdal Ferie og Fritidspark, 2tal Elektro, Lærdal Fjellstyre og Meto Pro / Trond Øyen Einemo og Kjell Olav Cock. 

43 km lang tur

Ein fantastisk flott tur som var 43 km og gjekk frå Eidsbugarden til Gjendebu første dagen, dag to var det over Bukkelægret til Memurubu, og siste dagen var frå Memurubu over Besseggen og til Gjendesheim.

Men også det det fantastisk flotte været gjorde turen til til ein stor opplevelse for alle som var med. 

Elevrådet oppfordrar framtidige 10. klassingar til å fortsette med same opplegget for ein slik tur «må berre opplevast». 

Til toppen