ØVING: Før Påskerock braka laus, var det full aktivitet i øvingslokala på Svalheim. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
ØVING: Før Påskerock braka laus, var det full aktivitet i øvingslokala på Svalheim. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Sagaen om Hugin musikkforum 

– Me tenkjer nytt, ikkje mainstream, seier Terje Svori, leiar i Hugin. 

Årdal: Hugin Musikkforum er ein interesseorganisasjon for musikarar i Årdal, som er drifta på dugnad. Dei støttar opp om band som ønskjer å spela inn plate og hjelp til med ulike arrangement. 

– Me tenkjer nytt, ikkje mainstream. Me hyra inn band som me meina folk i Årdal burde høyra. Når utelivsarrangørane ringjer, prøver me å hjelpe etter beste evne med å finna band og trubadurar, forklarar Svori. 

Bidreg til Målrock og Bakeriet

I tillegg til å arrangera Påskerock, spelte Hugin også ei viktig rolle forå få til ei permanent scene på Bakeriet i Øvre Årdal, der Påskerock vert arrangert. Dei er også med som teknisk arrangør for Målrock arrangementet Under Skåri.

I 2015 gav dei ut boka «Rockebolet» som fortel om musikkhistoria i Årdal. Så langt har dei seld 750 eksemplar av boka, men det er fram 1000 igjen. 

Rockabolet

Rockabolet vart given ut i 2015. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Les også: Slik vart rockebolet Årdal heidra

På midten av 90-talet vart den fyrste musikkforeininga opp i Årdal Musikkfabrikk. Her vart det holdt jam, øvingar og seminar med musikarar. 

– I 2009 flytta eg heim etter ha å vore utflytta i 10 år. Musikkmiljøet i Årdal går i bølgedalar. No er vi inne i ein god stim, seier Svori. 

Samlast på Svalheim

Talet på musikarar som har funne vegen til øvingslokala til Hugin Musikkforum på Svalheim etter at dei har vakse frå kulturskulen har auka med åra. 

– Eg er glad for dei yngre som blir med. No har vi aktive medlemmar som sit å spelar på gitaren her i huset nesten kvar dag. Spesiell stor aktivitet er det i huset rett før påska, seier Svori. 

Fleire band som har lege i brakke i fleire år, kjem fram att når påska nærmar seg. 

– Me hentar ein del band tilbake frå ei støvete hylla for å gi dei nytt liv, seier Svori. 

Terje Svori

Terje Svori på øvingslokala i Svalheim. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Vegen fram til Svalheim var derimot kronglete og lang. 

– Me hadde fleire alternativ som vi såg på som var altfor dårlege. På eit tidspunkt leigde me lokale i kjellaren på samvirkelaget på Årdalstangen, men i 2003 flytta me opp her på Svalheim, seier Svori. 

I starten leigde dei huset, før dei bestemte seg for å kjøpa det. 

– Me har veldig gode naboar her oppe. Men me måtte tilpasssa huset etter fleire forskjellige aktivitetar. Etter at me hadde pussa det opp, stod huset ferdig i 2007. 

Til toppen