AVSLUTTA: Ulukka som skjedde på Rallarvegen i Flåm, er no avslutta. Magne Knudsen, tenestestadsleiar for politiet i Årdal, opplyser at det var ei ulukke.
AVSLUTTA: Ulukka som skjedde på Rallarvegen i Flåm, er no avslutta. Magne Knudsen, tenestestadsleiar for politiet i Årdal, opplyser at det var ei ulukke. (Foto: Sunniva Knutsen)

Saka om dødsfallet på Rallarvegen er avslutta: – Ei tragisk ulukke

Dødsulukka på Rallarvegen som skjedde i fjor haust, er no avslutta.

Flåm: Det var 31.august i fjor at ein mann i 40-åra omkom i ei sykkelulukke på Rallarvegen. Han sykla aleine då ulukka skjedde, og det var ingen vitne i saka. 

No er saka avslutta, melde Firda, som først omtala saka.

– Me har no avslutta saka. I november samla me familie og nære vener av avdøde og orienterte om kva som hadde skjedd, seier tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen til Porten.no. 

– Det var rett og slett ei tragisk ulukke. 

Prøvesvar tok tid

Mannen var følgje av eit turfølgje på kring 70 personar, som var på ein bedriftstur med Aker Solutions. Dei sykla den populære Rallarvegen mellom Flåm og Myrdal. 

Mannen hamna utfor vegen i ein venstresving, og fall mellom 10 og 15 meter ned. Helsepersonell var raskt på staden, men mannen sitt liv var ikkje å redda. 

I september skreiv me at politiet hadde fått svar på obduksjonsrapporten. Den gav ingen tydelege svar, anna enn at mannen døde av skadene han fekk i fallet. Det vart sendt inn blodprøver for å sjå om dei kunne gje meir svar. 

Svarene av desse tok tid, opplyser Knudsen. 

– Me starta etterforskinga rett etter ulukka. Etter me sendte inn blodprøvene, tok det tid før me fekk svara. Innan dei kom var me ferdig etterforska, seier Knudsen.

Til toppen