SAMLING: Til dette julebordet er alle filippinske i Indre Sogn inviterte. Folk har reist frå blant anna Balestrand, Årdal, Lærdal, Leikanger og Luster for å vera med.
SAMLING: Til dette julebordet er alle filippinske i Indre Sogn inviterte. Folk har reist frå blant anna Balestrand, Årdal, Lærdal, Leikanger og Luster for å vera med. (Foto: Therese Espeland)

– Sakna eit tradisjonelt filippinsk julebord

Ace Jete Gonzales og Katrin Ann Tongol flytta til Noreg for sju og åtte år sidan. Dei oppdaga fort at julefeiringa blei litt annleis her enn i heimlandet, difor bestemte dei seg for å arrangera eit skikkelig filippinsk julebord kor dei inviterte alle filippinarane i Indre Sogn.

Sogndal: Med ei hand på brystet syng dei nasjonalsongen. Deira nasjonalsong. Den filippinske. Utanom høgtalaren som spelar musikken, er det stilt. Høgtideleg. Slik startar filippinarane i Indre Sogn sitt julebord.

Ace Jete Gonzales og Katrin Ann Tongol i tradisjonelle filippinske folkedraktar. Foto: Therese Espeland

– Slik startar me eit typisk filippinsk julebord. Me tenkte det var greit å laga ei feiring med våre tradisjonar, for det er mange filippinske folk her i området som eigentleg saknar det å feira julebord i Filippinene, seier Ace Jete Gonzales, som bur og jobbar som fysioterapeut i Lærdal.

Dette julebordet skil seg frå det tradisjonelle norske julebordet på fleire måtar. Og enkelte av desse elementa har Gonzales og medarrangør Katrin Ann Tongol, som bur i Luster, sakna ved den norske julefeiringa.

– Eg har vore på norske julebord og synest - beklagar - at det er litt kjedeleg, fordi ein berre et, pratar, et igjen, pratar litt meir og så er ein ferdig etterpå. Det er annleis med filippinske julebord, fortel Gonzales.

– Litt kjedeleg med norsk julebord

Etter nasjonalsongen startar folk å prata med ein gong. Gonzales, som er konferansier for kvelden, bryt inn og fortel korleis kvelden fortset. Først på programmet er maten. På buffetbordet er det tradisjonell filippinsk mat.

– Først et me og så har me forskjellige leiker og moro. Etter kvart er det nokre som dansar og nokre som spelar gitar. I dag er det litt spesielt, for me skal ha ein presentasjon av filippinsk folkedans, eit kurs, fortel Gonzales.

  Foto: Privat

Leikane har eit vidt spenn, og det er obligatorisk og vera med. Slik er det i Filippinene og slik er det denne kvelden.

– Ein skal ha det moro. Ingen har lov å sitja og ikkje delta på noko, seier Gonzales. 

– Frivillig tvang som me kallar det i Noreg?

– Ja, seier han, og ler lett.

– Og så har me premie for dei som vinn, skyter Katrin Ann Tongol inn.

Ein annan ting som er heilt vanleg på Filippinene, og ikkje så vanleg i Noreg, er det ein kallar «Secret Santa», eller «hemmeleg nisse».

– Alle skal ta med seg ei gåve til ein viss pris og så skal me blande dei. Ein veit ikkje kven som får kva, forklarar Gonzales.

Ein tradisjon

Det er mykje jobb å arrangera ein slik fest. Det veit alle som har sete i ein julebordskomitè. Det var Tongol, Gonzales og ei til som starta dette julebordet for fem år sidan. Dei har vurdert å slutta, men det har framleis ikkje blitt slik.

– Det er mykje jobb, men når folk kjem til oss og spør om det ikkje vil bli arrangert julebord, så ender det med at me gjer det likevel, seier Tongol. 

Fram til midnatt kvelden i forvegen pynta dei lokalet i Sogndal kulturhus. Fargerike glitrande dekorasjonar er hengt opp, og framme ved scena er heng det filippinske flagget.

  Foto: Privat

– Eg trur arrangementet ville bli sakna om me stoppa. Her kjem filippinerar frå heile Indre Sogn. Dei reiser frå Årdal, Lærdal, Balestrand, Leikanger og Luster. Alle filippinske i området er invitert, fortel Gonzales.

– Arrangerar dykk andre arrangement som dette?

– Det var slik at me kanskje møttes på kinarestauranten i små grupper og åt saman, men me sakna eit arrangement som dette. Me er så langt borte frå familien, og då saknar ein nærleiken til dei, spesielt ved jul, fortel Tongol som kom til Noreg aleine for sju år sidan.

Til saman er det 80 deltakarar på julebordet, omlag 25 av desse er barn.

NASJONALSONGEN: Julebordet startar med deltakarane syng den filippinske nasjonalsognen. (Foto: Therese Espeland)
HEMMELEG NISSE: Kvar deltakar har med seg ei gåve, desse blir i løpet av kvelden delt tilfeldig ut slik at ingen veit kva en enkelte får. (Foto: Therese Espeland)
ARRANGØRANE: Frå venstre; Ace Jete Gonzales, Mercelyn Leiren, Katrin Ann Tongol, Sonia Kvam og Maria Laquinta. (Foto: Therese Espeland)
TRADISJONELL MAT: Det blei servert tradisjonell filippinsk mat. (Foto: Therese Espeland)
SAMLING: Til dette julebordet er alle filippinske i Indre Sogn inviterte. Folk har reist frå blant anna Balestrand, Årdal, Lærdal, Leikanger og Luster for å vera med. (Foto: Therese Espeland)
  (Foto: Privat)
LEIKER: Det er obligatorisk at alle er med på selskapsleikane. (Foto: Privat)
  (Foto: Privat)
Til toppen