SAKNA: Store mannskapet leitte i kveld etter sakna skiløpar i området rundt det populære toppturmålet Frudalshesten i Sogndalsdalen. Foto: Skjermdump/Google Maps.
SAKNA: Store mannskapet leitte i kveld etter sakna skiløpar i området rundt det populære toppturmålet Frudalshesten i Sogndalsdalen. Foto: Skjermdump/Google Maps.

Sakna skiløpar funnen i snøskred​

Vart frakta med Sea King-helikopter til sjukehus.

Sogndal: Klokka 22:18 melder politiet på twitter at den sakna skiløparen er funnen i eit snøskred og blir frakta til sentralsjukehuset i Førde. Politiet kan ikkje seie noko om helsetilstanden til vedkomande, utover at han er i live.

Ein mann i 20-åra vart i kveld meld sakna av pårørande etter at han ikkje kom heim frå ein skitur i Sogndalsdalen. Eit Sea King-helikopter, Røde Kors si skredgruppe i Sogn og politiet vart sett inn i søket. Norske redningshundar vart òg varsla.

Det melde politiet på twitter klokka halv ni i kveld. Aksjonen vart sett i gong time før etter at pårørande varsla om at tjueåringen ikkje var komen heim frå ein skitur.

– Utifrå det vi veit har han mest sannsynleg gått tur åleine, fortalde operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt til Porten.no 20.40 måndag kveld. 

Politiet antok då at skiløparen hadde lagt turen til Frudalsfjellet. Til NRK opplyste politiet at dei hadde funne bilen til vedkomande og dermed visste kva utgangspunktet for turen. Vidare at den sakna mannen er fjellvand og var utstyrt med både skredvarslar og snøspade.

Frudalshesten er ein populær topptur som vanlegvis startar på sogndalssida av Frudalstunnelen, frå ein parkeringsplass rett utanfor tunnelmunningen. Her går du først flatt inn dalen før du kan velje mange rutealternativ mot toppen, frå dei bratte og utsette, til dei meir sikre.

Nettsida Varsom.no har i fleire dagar meld om vesentleg fare for snøskred i Indre Sogn. I løpet av dagen har det blitt rapportert inn fleire små flakskred i området. Politiet ville først ikkje spekulere i kva som kunne vere årsaka til at skiløparen ikkje var heimkomen.  

– Førebels antek vi ikkje noko som helst. Det einaste vi veit er at ein skiløpar ikkje har komt heim frå tur. Vi har det som utgangspunkt, sa operasjonsleiaren vel halvannan time før 20-åringen vart funnen.

Til toppen