POLITIKARAR: Geir Øverland (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) skal vera med i prosjektgruppa, som skal gje tilrådingar om kva kommunale eigedomar som skal seljast unna i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
POLITIKARAR: Geir Øverland (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) skal vera med i prosjektgruppa, som skal gje tilrådingar om kva kommunale eigedomar som skal seljast unna i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Sal av kommunale eigedomar

Ei prosjektgruppe på fem personar skal gå gjennom eigedomsmassen til Lærdal kommune, for å sjå kva som kan og bør seljast. 

Lærdal kommune eig for mykje bygningsmasse i forhold til storleiken på kommunen, og mykje er ikkje nytta til kommunale tenester. Det inneber driftsutgifter, som er høgare enn nødvendig. 

– Det er viktig få dette prosjektet opp å gå. Me ønskjer ein slagkraftig og liten enheit som kan jobbe fort i tida framover, seier ordførar Jan Geir Solheim under formannskapsmøtet torsdag. 

Fire millionar

I budsjettet for 2015, har Lærdal kommune difor lagt opp til å selje unna kommunale eigedommar for 4 millionar kroner.

Tilrådinga frå rådmann Alf Olsen jr., er at prosjektgruppa skal bestå av Alf Magne Hjellum, Nina Øyre, Britt Sanden og ein politisk vald medlem frå formannskapet.

Frå ein til to politikarar

Under formannskapsmøtet fremma Geir Øverland (Ap) forslag om to politisk valde medlem i prosjektgruppa, noko formannskapet stilte seg bak. 

Trond Øyen Einemo (H) og Geir Øverland (Ap) vart foreslått som politiske representantar. Prosjektgruppa skal ha mynde til å koma med tilrådingar, som seinare skal bli behandla i anten formannskapet eller kommunestyret. 

Til toppen