TRENDRETT: I år vil alle spise poké bowl, også utenfor Hawaii. FOTO: Carl Martin Nordby /
TRENDRETT: I år vil alle spise poké bowl, også utenfor Hawaii. FOTO: Carl Martin Nordby /

Salat med sylfersk fisk

I hundreår har befolkninga på Hawaii ete poké bowl. Endeleg er det vår tur!

Poké (poh-keh) tyder «kutte bitar» på hawaisk. Bestiller ein ein pokè, er fellesnemnaren at ein får ein salat med marinerte terningar av sylfersk fisk servert i ei skål.

Som oftast er poké bowl ikkje berre ein sunn og frisk rett, men også ei estetisk nyting – rigga opp som ein luftig pyramide av fargesterke frukter og salatar, med lun sushiris i botnen og marinert fisk, tang og rogn på toppen.

Artikkelen held fram under bilete

LETT JOBB: Innsatsen på kjøkkenet bestrår i å skjære pene biter og koke ris.
LETT JOBB: Innsatsen på kjøkkenet bestrår i å skjære pene biter og koke ris.

På Hawaii ber kjøkenet tydeleg preg av opphavet til befolkninga. Store grupper japanarar, koreanarar, filippinarar og puertoricanarar har sett sitt tydelege preg på smakane. Sushiris, soyabaserte sausar og krydder er kanskje dei mest synlege råvarene.

For å lage ein perfekt, frisk og spennande poké bowl må ein ha kontroll på visse nøkkelelement. Øygruppa Hawaii har, akkurat som oss, svært god tilgang på fersk fisk, og det er viktig. Men sjølv om eg skulle ønske at alle i Noreg kunne kjøpe fersk villkveite kvar dag, er vel det dessverre ikkje realiteten. Derfor lagde eg denne pokeen med den einaste ferske fisken som er tilgjengeleg i absolutt heile Noreg: fersk pre-rigor laks, skinn- og beinfri, og pakka like etter fangst. Denne laksen er ein salssuksess utan sidestykke, fordi fileten er enkel å jobbe med, har ein mild smak og svært god haldbarheit.

Andre feite fiskar som makrell, tunfisk, aure og kveite er også godt eigna til poké så lenge dei enten er sylferske eller frosne inn rett etter fangst. Feit fisk har den gode eigenskapen at han er mør og saftig, noko som gjer at han kan serverast rå i store bitar utan å stå fram som seig. Magre eller mellomfeite fiskar, som torsk og sei, må skjerast i mindre bitar og marinerast lengre for at dei ikkje skal bli som tyggegummi i munnen. Men dei kan brukast, dei også.

Hawaii har mykje tropisk frukt, og ikkje minst melon og ananas passar veldig godt til saltet frå soyaen, styrken frå chilien og den gode smaken av laks. Saman med vårløk og salat gir desse fruktene ein super frisk smak til pokeen.

Som ein siste hulahula-topping vert det ofte brukt rogn. Prøv gjerne den grøne, wasabisterke flygefiskrogna tobiko!

Artikkelen held fram under bilete

PENE KUBER: Skjær først på langs, deretter på tvers, med en skarp kniv uten tagger.
PENE KUBER: Skjær først på langs, deretter på tvers, med en skarp kniv uten tagger.

(UNDERSAK/OPPSKRIFT) Poké Bowl
Ingrediensar (2 personar)

300 g Frøya/Salma pre-rigor laks

1 pk Lofoten fersk ponzusaus

2 ss soyasaus

1/2 chili

1 fedd kvitløk

1 ts. sesamolje

1 pk wagame (marinert tang)

– --

300 g sushiris

550 g vatn

– --

100 g honningmelon

100 g ananas

2 vårløk

1 neve frisk koriander

1 crispysalat

1 ss rista sesamfrø

2 ss raud lakserogn eller sterk grøn tobikorogn

– --

4 ss Hellmanns majones

1 ss Sriracha chilisaus

1 ts. limesaft

Framgangsmåte:

Marinert laks: Legg laksen på ei rein fjøl. Tørk han med papir, og bruk din skarpaste kniv (utan taggar). Del fisken i 4 avlange strimlar. Kutt deretter kvar strimmel i 1,5 cm bitar. No har du flotte laksekubar. Ha dei i ei skål og hell over 1/2 ts sesamolje, 1 ss soyasaus, 2 ss ponzusaus, 1 ts finhakka raud chili og 1/2 finhakka fedd kvitløk.

La fisken liggje i 5 minutt før anretning.

Chilimajones: Bland majones og Sriracha, skvis inn eit par dropar limesaft. Ferdig!

Sushiris: Bruk riskokar dersom du har, eller bruk vanleg kjele og denne framgangsmåten: Skyl risen i kaldt vatn minst 10 minutt, og ha han i ein kjele med riktig mengda vatn. Kok opp risen og vatnet, og sett på lokk. Skru ned varmen. La risen koke utan at du rører i han i 15 minutt. Trekk kjelen til side og la han stå i 5 minutt. Løft av lokket, la det dampe i 5 minutt til. Snu kjelen på hovudet slik at du får risen over på eit fat ved hjelp av ei tresleiv. Jobb så lite som i det heile mogleg med risen på dette stadiet, så han ikkje blir for kompakt og seig. La risen liggje og dampe i 5 minutt før du fordeler han i botnen av to serveringsbollar. No skal risen vere mjuk og luftig. Press gjerne litt sitron i kaldt vatn. Dypp fingrane i dette før du evt tar på risen. Då kleber ikkje risen seg fast i fingrane. Har du det travelt, finst det bra ferdigkokt sushiris, til oppvarming i micro, i mange butikkar.

Oppå risen leggjast små klattar med chilimajones. Dryss på bitar av melon, ananas, finsnitta vårløk, salat og marinert fisk. Topp med frisk koriander, spirer (kan sløyfast), hakka raud chili og lakse- eller tobikorogn.

Resten av ponzuen i pakken heller du over salaten når han skal serverast.

Til toppen