OPPGANG: Eigedomsmeklar i Aktiv, Hege Kulhuset, seier ho har merka ein betydeleg oppgang i hyttemarknaden på høgfjellet i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPPGANG: Eigedomsmeklar i Aktiv, Hege Kulhuset, seier ho har merka ein betydeleg oppgang i hyttemarknaden på høgfjellet i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Salet av hytter har tatt seg opp

Hytte på Eidsbugarden gjekk for nesten dobbel pris.

Øvre Årdal: Høgfjellet er i vinden som aldri før. Stadig fleire legg ut på turar, anten med ski på beina eller med fjellskoa på, og stadig fleire ferierer i eige land.

Dette gir ringverknader inn i hyttemarknaden. Før helga gjekk ei hytte med 1,4 millionar kroner i prisantydning på Eidsbugarden for 2,6 millionar etter heftig budrunde.

Det var Avisa Valdres som først omtalte salet av hytta, som verken har innlagt vatn eller straum, og heller veg heilt fram. Også på vestsida av fylkesgrensa har ein byrja å merke oppgangen, sjølv om det ikkje tar like mykje av som i dette tilfellet.

– Det har tatt seg veldig opp. I fjor var det heilt daudt, medan i år har me fått fleire oppdrag og seld fleire hytter, fortel eigedomsmeklar i Aktiv, Hege Kulhuset.

Mange interesserte

Frå juli har dei seld tre hytter og fått inn fem oppdrag. I heile fjor fekk dei berre inn eitt oppdrag. Det er mange som kunne tenkje seg ei hytte på høgfjellet i Årdal.

– Det er mange som akkurat har oppdaga området. Dette er stort sett austlendingar, godt vaksne folk og først og fremst par, som er interessert i høgfjellet. 

Sletterust, Torolmen og Mannsberg med sine godt over 300 hytter er gode utgangspunkt for unike opplevingar i fjellet, meir eller mindre på dørkarmen til Jotunheimen nasjonalpark. Men medan det stadig skjer utvikling på austsida, har det stort sett stått stille på vestsida. Det ser ut til å endre seg no som det mellom anna skal byggjast ut breiband.

– Eg trur at viss ein får gjort området meir kjend, så er det mykje potensiale her. Det er ikkje langt til Tyinkrysset eller ned til Årdal, så det er ganske sentralt. Kjem det breiband her også, er det heilt topp, kommenterer Kulhuset. 

Marknadsføre områda betre

For den nemnte hytta på Eidsbugarden var beliggenheit alfa og omega, fortalte dagleg leiar Kristine Kvame hjå DnB Eiendom, som selde hytta, til Avisa Valdres.

– Nokre fortalte at dei har venta i årevis på eit høve til å få seg hytte her. Det er stor interesse, og veldig sjeldan noko vert lagt ut for sal. Dei som ønskjer seg hit er friluftsfolk. Dei ser ikkje på manglande veg om vinteren som eit problem, men tvert imot eit gode, seier ho.

Kanskje vil presset etter hytter etter kvart byrje å dryppe over på meklarane i Årdal.

– Eg trur dei har vore flinkare til å marknadsføre seg på Tyin og Filefjell. Me burde gjere meir for å få fram våre område. På Filefjell er det mange bergenserar, og meklarane der er frå Bergen, så eg trur dei generelt har vore flinke til å syne fram området der, meiner Kulhuset. 

Til toppen