Varsam:  Ettersom mange hjortar gjerne sleikjer på same saltsteinen oppmodar NJFF jegerar om å vera varsame med utplassering av salt til hjort ettersom steinane kan vera smittekjelder for CWD.  Privat foto
Varsam: Ettersom mange hjortar gjerne sleikjer på same saltsteinen oppmodar NJFF jegerar om å vera varsame med utplassering av salt til hjort ettersom steinane kan vera smittekjelder for CWD. Privat foto

Saltstein kan vera smittekjelder

NJFF fryktar utplassering av saltsteinar kan auka spreiinga av CWD.  

Lærdal/Aurland/Årdal: Det tredje utbrotet av CWD (Chronical Wasting Disease) var eit faktum fredag - på ei elgku i Selbu i Sør-Trøndelag. Dette er det andre tilfellet av sjukdommen på elg i trøndelagskommunen siste månaden. Sjukdommen vart for første gong påvist i april på ei reinssimle i Nordfjella i Lærdal. Sjukdommen er ikkje påvist på hjort eller rådyr, men desse er etter alt å døma mottakelege for CWD.

No ber NJFF (Norges Jeger- og Fiskerforbund) jegerar om å revurdera utplassering av saltstein.

– I og med at CWD blir spreidd i hjorteviltpopulasjonar gjennom direkte kontakt, spytt og urin, kan saltsteinar og fóringsplasser auka risikoen for spreiing av CWD-smitte. Det kan difor vera hensiktsmessig at jaktlaga vurderer om dette skal vidareførast no når det kan auka risikoen for smittespreiing, seier NJFFs viltkonsulent Webjørn Svendsen i ein artikkel på njff.no.

Skal samla inn reinshovud

Saltsvolten hjå hjortedyra er størst på våren og forsommaren. Difor plasserer mange jegerar ut saltsteinar i desse dagar. Svendsen påpeiker at hjortedyra klarar seg godt utan saltsteinar:

– Fjerning av saltsteinar vil ikkje føra til nokre udekte fysiologiske behov hjå hjorteviltet. Mineraltilgangen er godt nok dekt gjennom naturleg beite. Slik sett har saltsteinane om lag same funksjon som kiosken har for oss menneske: Me treng dei ikkje, men brukar dei jamleg når tilbodet er der.​

Førebels er dette berre ei oppmoding frå NJFF. I denne omgangen vil det ikkje bli nokre konkrete føringar, fortel Kåre Rudningen, leiar for grunneigarlaget i Lærdal, tidlegare veterinær og inspektør i Mattilsynet. 

– Inntil me veit meir gjer me ikkje spesifikke tiltak her.

– Burde ein ikkje vera føre-var med tanke på å forby eller i alle fall oppmoda til varsemd rundt bruk av saltstein og fóringsplassar - no når sjukdommen altså er eit faktum i området?

– For sau på beitet er salteplassar nyttige for å styre flokken. Viss sauene ikkje finn salt der dei er vande, kan dei leggje ut på langtur. Det er ingen tente med. Inntil me veit meir, vil eg tru at det beste er å salte sauene som før. Men saltsteinar plasserte ut spesifikt til hjort kan ein gjerne vera varsam med.

Og det er utfordringa; førebels veit ein svært lite, både om utbreiing av sjukdommen og kva konsekvensar utbrotet vil få. Difor er dei ulike instansane med Veterinærinstituttet og Mattilsynet i spissen i ei kartleggingsfase. Målet er å få eit inntrykk av kor stor førekomsten er av sjukdommen i bestandane av dei ulike hjortedyra i Skandinavia.  Det medfører at reinsjegerane må bu seg på å ta med hovuda på vilta dei skyt under jakta i haust til dals.

– I Nordfjella er det tildelt ein kvote på ni hundre dyr. Etter normal avskyting skulle det tilseia at det blir skote rundt fire hundre rein til hausten. Me håpar me får inn hovuda frå så mange som mogleg av dei skotne dyra, fortel Rudningen.

Det vil bli oppretta innsamlingspunkt i både Aurland og Lærdal. Her leverer jegerane hovuda og får prøvesvaret i løpet av to dagar. Grunnen til at hovuda må inn, er at CWD angrip hjernen - det er eit naturleg førekomande protein som blir unaturleg omdanna og etter kvart utviklar seg så hjernevevet får ein svampstruktur. Dette fører til avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte rørsler, tap av kroppsfunksjonar og til slutt død. 

– Det er i praksis berre hjernen som kan nyttast til å testa om dyret har CWD eller ikkje. Jegerar som skulle vera så uheldige å ha skote ein rein som har sjukdommen, blir tildelt nytt løyve. Dette er slik me ser det føre oss no, fortel Rudningen.

Korleis CWD-testing av hjort skal gå føre seg i Årdal, Lærdal og Aurland er ikkje avklart. Her kan det vera aktuelt å nytta modellen frå reinsjakta i Nordfjella. Elles vil Mattilsynet ta inn prøver frå sjølvdaua dyr.  

Artikkelen held fram under biletet

<strong>Skal testast:
<strong>Skal testast:

Smittar ikkje til andre enn hjortedyr

Menneske er ikkje mottakelege for sjukdommen, verken gjennom slakting eller ved å eta kjøt frå sjuke dyr. Likevel skal slakt frå dyr som viser seg å vera infiserte kasserast. Dette for å vera føre-var. 

– Proteinet vert ikkje brote ned ved varmebehandling, som koking og steiking. Likevel er det ikkje farleg for menneske. Men sjukdommen er svært spesiell; dette er einaste smittestoffet som er kjend som ikkje innheld arvestoff, altså DNA.

Sjølv om CWD er beslekta med skrapesjuke hjå sau og geit og kugalskap hjå storfe, er det likevel ein annan sjukdom. Av dei nemnde kan berre kugalskap smitta til menneske.

Grunnen til at dei fagkyndige meiner menneske ikkje skal vera mottakelege for sjukdommen, er at den har eksistert på hjortedyr i Nord-Amerika i nærare 40 år, og det er ingen rapporterte tilfeller av smitte til verken husdyr - som sau, geit og storfe, kjæledyr - som katt og hund, rovdyr eller altså menneske. 

– Det er stor og massiv dokumentasjon på dette frå Nord-Amerika. Så må ein ta eit lite atterhald om kor vidt denne dokumentasjonen kan overførast direkte. Dette og å koma med retninslinjer for korleis slakt av hjortevilt skal handterast har Vitskapskomiteen for mattryggleik fått i oppgåve å sjå på, fortel Rudningen.

Informasjonsmøte før jakta

Han var på Villreinrådet sitt fagmøte på Skinnarbu førre veke. Der opplyste Veterinærinstituttet om status for CWD-utbrotet. Eit tema var den vidare forskinga på sjukdommen. Mellom anna kom det fram at ein ikkje kan venta kjappe svar: Kor nære dei to tilfella av CWD på elg i Trøndelag og tilfellet på reinen i Nordfjella heng saman - altså i kor stort grad sjukdomstilfella har oppstått avhengig eller uavhengig av kvarandre - finn ein ikkje ut av på lang tid enno.

– Her skal ein forska med transgene mus. Dette er mus med skreddarsydde DNA, altså laboratoriedyr, og slik forsking får ein ikkje klare svar frå på fleire år, fortel Rudningen.

Eit spørsmål i denne samanhengen er kor vidt sjukdommen har eksistert i Noreg over fleire år. For det har ikkje vore systematisk testing av CWD på hjortevilt, fortel Kjell Handeland, fagansvarleg for vilthelse hjå Veterinærinstituttet.

– Det er ingenting som har tilsagt at me burde eller skulle testa for CWD. Altså har det ikkje vore noko program for det på ville hjortedyr, med eitt unntak: det vart testa seks hundre hjortar for CWD i Noreg i 2006-2007. Dette var eit program i regi av EU, og mange tusen hjortedyr vart testa over heile Europa, utan funn. Seinare har me testa ein stad mellom hundre og to hundre hjortevilt for CWD på eige initiativ her på Veterinærinstituttet i Oslo. Det har også vore eit program for testing på hjort i oppdrett. Heller ingen av desse har gjeve funn.

– Kan sjukdommen likevel ha vore her ein del år?

– At den har sirkulert på eit svært lågt nivå er inga umoglegheit. Så det kan vera ei hypotese.

Kåre Rudningen i Grunneigarlaget trur det heller ikkje no er snakk om noko stort utbrot.

– Me går utifrå at det kan vera snakk om ei handfull tilfeller når me har fått testa gjennom jakta. Så vil tida visa om det er riktig.

Han fortel det vil vera eit informasjonsmøte om CWD for alle reinsjegerar i Aurland og Lærdal 15.august, og for jegerar i Hallingdal dagen etter.

– Der håpar me alle stiller. 

 

Til toppen