LÆRDAL OG ÅRDAL AUF: Det nye lokallaget ynskjer seg fleire medlemmar. Foto: Kaja Nygård
LÆRDAL OG ÅRDAL AUF: Det nye lokallaget ynskjer seg fleire medlemmar. Foto: Kaja Nygård

– Saman er me sterkare 

Årdal AUF og Lærdal AUF har slått seg saman til eitt lokallag, det nye namnet vart Lærdal og Årdal AUF. Dei ynskjer seg no fleire medlemmar. 

Årdal/Lærdal: Torsdag hadde Årdal AUF og Lærdal AUF årsmøte i LO-huset. Lokallaga skulle på møtet slå seg saman til eitt AUF lokallag, og eit nytt styre skulle veljast.

 I utgangen av 2015 var det 21 medlemmar i Årdal AUF, medan det var 5 medlemmar i Lærdal AUF.  

- Grunnen til at lokallaga vil slå seg saman, er fordi det ikkje er nok folk med i Årdal AUF og Lærdal AUF til å starte eigne lokallag, fortel Årdal AUF sin leiar Sara Vie før årsmøte.

Vie fortel vidare at ho berre ser fordelar med å slå seg saman med Lærdal AUF.

- Fordelen er at me blir fleire, og saman er me sterkare. Eg ser ingen ulemper med samanslåinga, seier Vie engasjert.

Artikkelen held fram under biletet. 

SAMANSLÅING: Det nye lokallaget fekk namnet Lærdal og Årdal AUF.
SAMANSLÅING: Det nye lokallaget fekk namnet Lærdal og Årdal AUF.

På årsmøtet fekk dei støtte av Hilmar Høl og Marie Helene Brandsdal. Dei var veldig glade for å få eit felles lokallag og at dei unge engasjerer seg i politikken.

- Me ynskjer Lærdal og Årdal AUF masse lykke til, seier Høl og Brandsdal.

Nytt styre

Fylkeslaget stilte med tre personar til valkomiteen, då det nye styret skulle veljast på årsmøte. Styret må bestå av minimum tre personar, for å danne eit lokallag.

Olav Vindedal Erikstad blei leiar, Sara Vie blei nestleiar og Anna Nesse blei sekretær/kasserar, til Lærdal og Årdal AUF lokallag.

Artikkelen held fram under biletet

STYRET:  Det  er viktig at dei unge engasjerer seg i politikken, seier det nye styret.  Frå venstre sekretær Anna Nesse, leiar Olav Vindedal Erikstad og nestleiar Sara Vie.
STYRET:  Det  er viktig at dei unge engasjerer seg i politikken, seier det nye styret.  Frå venstre sekretær Anna Nesse, leiar Olav Vindedal Erikstad og nestleiar Sara Vie.

Ynskjer seg fleire medlemmer

- Det beste med å vere med i eit politisk lokallag er at du har moglegheita til å forandre på ting. Du får fram dine meiningar, og det synes eg er veldig viktig, seier Vie engasjert, som no ynskjer seg fleire medlemmar til det nye lokallaget.

På årsmøtet kom det fram at dei ville verve fleire medlemmer. Både Lærdalsmarknaden, Fjord til Fjell og Haustmyldringa blei nemnt som forslag til arena, der dei kan stille med stand. Styret skal vedta kva dei ville gjennomføre i eit seinare møte.

- Me ynskjer at fleire skal vere med i Lærdal og Årdal AUF og me vil at folk skal vite at lokallaget no er oppe og går. Me vil vere aktive med verving på vidaregåande skulen og kanskje ungdomsskulen også. Me vil sjølvsagt jobbe med å få fleire til å bli medlem, avsluttar Vie. 

Til toppen