TRIVSEL: I visjonen til folkehelseplanen er trivsel komen inn på lik linje med helse for å understreka at folkehelse ikkje berre handlar om helsetilstanden isolert. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
TRIVSEL: I visjonen til folkehelseplanen er trivsel komen inn på lik linje med helse for å understreka at folkehelse ikkje berre handlar om helsetilstanden isolert. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

«Saman for god helse og trivsel»

Slik lyder visjonen i den nye folkehelseplanen til Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Onsdag vedtok fylkestinget Regional plan for folkehelse i åra 2015 til 2025, der trivsel er teke inn i vijsonen i tillegg til helse for å understreka at folkehelse ikkje handlar om helsetilstanden isolert, men også om opplevd trivsel.

Folkehelseplanen er ein regional plan, som skal gje retning for dei ulike aktørane som ønskjer å bidra til betre helse og trivsel for folk i Sogn og Fjordane. 

Det er mange som difor har delteke i utarbeidinga av planen slik at dei som skal gjennomføra tiltaka har eigarskap til han. Både kommunane, fylkeskommunen og staten har ansvar innanfor folkehelse, og både frivillige lag og organisasjonar kan gjera ein stor innsats.

Senterparti-representanten Anders Ryssdal la vekt på samarbeid og ansvar i innlegget sitt om saka i fylkestinget.

– Sogn og Fjordane er folkehelsefylket og fortener ein plan som fremjar blant anna trivsel, bulyst og blilyst. Det føregår veldig mykje på folkehelseområdet. Organisasjonar tek ansvar, kommunane har ansvar, og det har fylkeskommunen òg. Det forpliktar, slo Ryssdal fast.

 

Til toppen