AKSJON:  Fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane. Pressefoto
AKSJON:  Fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane. Pressefoto

— Saman skal vi få hjelpa heilt fram

TV-aksjonen 2016 går til Røde Kors. Midlane som kjem inn 23. oktober skal redde liv og gje omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda – menneske ramma av krig og konflikt.  Her i fylket vil mange bidra. 

Fylkesordførar Jenny Følling heldt som leiar av fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane 22. august møte med komiteen som skal fronte aksjonen her i fylket. Dei markerer med dette starten på årets innsamlingsaksjon. 

– TV-aksjonen er i år spesielt aktuell. Store menneskegrupper har den siste tida fått liva sine satt på vent eller øydelagde grunna krig og konflikt, seier Følling i ei pressemelding.  

Gjennom TV-aksjonen skal meir enn to millionar menneske få livsviktig hjelp. Krig og vald skaper enorme lidingar. Menneske vert drepne, og ringverknadane for lokalbefolkninga er katastrofale. Dei manglar vatn, mat og medisin, helsetilbodet svekkast, dei må flykte frå heimane sine og har ingen jobb å gå til.

Dette fører igjen til underernæring, helseproblem, utryggheit og fattigdom. Midlane som kjem inn skal fordelast til ulike prosjekt i ni forskjellige land, der Røde Kors allereie er på plass. 

Mange gode hjelparar

Røde Kors er mange stader den einaste hjelpeorganisasjonen som slepp til med humanitær hjelp, og har gjennom lokale frivillige tilgang til dei som elles ikkje får hjelp. Dette er i Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpe flyktningar som har kome til Norge.

Tradisjonen tru er fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen i Sogn og Fjordane satt saman av menneske med ulik bakgrunn. Dei skal bidra til å synleggjere TV-aksjonen og skape gode resultat i fjordfylket.

Fylkesordførar Jenny Følling har med seg Jorunn Felde administrasjonssjef hos Fylkesmannen, Øyvind Åsarmoen Møller faglig ungdomssekretær i LO, Harald Offerdal i KS, Arne Osland og Avis Rolfe frå United World College, Geir Henning Høyheim i Sparebanken Vest, Rasmus Mo i Sogndal Fotball, Henning Hellebust og Arve Sandal frå Sogn og Fjordane Røde Kors og Kristin Sandal som er fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen. 

Til toppen