FÅR HJELP: Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund får 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga av skulane.​ Foto: Ole Ramshus Sælthun.
FÅR HJELP: Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund får 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga av skulane.​ Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Samanslåingshjelp til Høgskulen på Vestlandet

Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund får 11 millionar kroner til arbeidet med samanslåinga av skulane.

Sogndal: Fredag avgjorde Kongen i statsråd at høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund vert Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2017. Vedtaket var venta etter at alle dei tre høgskulane førre veke gjorde positive vedtak i fusjonssaka, skriv På Høyden, nettavisa til Universitetet i Bergen.

Rektor ved Høgskulen i Bergen Ole-Gunnar Søgnen er fornøgd med tildelinga frå Kunnskapsdepartementet, men meiner at behovet eigentleg er mykje større.

– 11 millionar er greitt, men vi hadde kanskje forventa eit litt høgare nivå. Men det er på linje med det dei som fusjonerte i fjor fekk, seier Søgnen til nettavisa.

Glad for nynorskprofil

Sjølv om høgskulane no blir slått saman, skal det framleis vere fem studiestader, Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde.

– Høgskulen på Vestlandet vil ha eit klart mål om å bli universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Eg støttar dette målet. Eg er også glad for at Høgskulen på Vestlandet frå starten viser eigenart ved å ha nynorsk som primærarbeidsspråk, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding om løyvinga.

Han peikar samtidig på ar han har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem. (©NPK)

Til toppen