INGEN STØTTE: Arild Ingar Lægreid (Ap) og Årdal kan sjå langt etter ei slik støtte. På to forsøk har ingen forhandlingar om samanslåing ført fram. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
INGEN STØTTE: Arild Ingar Lægreid (Ap) og Årdal kan sjå langt etter ei slik støtte. På to forsøk har ingen forhandlingar om samanslåing ført fram. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Samanslåtte kommunar får millionstøtte utan krav

Kommunane som alt er vedtatt samanslåing, får titals millionar i statsstøtte. Pengane kan dei bruke på kva dei vil.

Årdal/Lærdal: Førebels har elleve norske kommunar vedteke å slå seg saman til fem nye. Prislappen for desse samanslåingane, i form av løyvingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, er på 225 millionar kroner. Det blir ikkje stilt krav til bruk av midlane, og kommunane må ikkje levere inn søknad om kva dei treng, skriv Nationen.

– Med ei omfattande kommunereform var det ønskjeleg å gjere dekninga av eingongskostnadar ved ei samanslåing meir føreseieleg for kommunane og unngå mange og tidkrevjande søknadsprosessar, seier seniorrådgjevar Helge Kvandal i kommunaldepartementet til avisa.

Eingongsstøtta til samanslåtte kommunar er standardisert til 20 millionar kroner, ein sum som kan auke avhengig av talet på kommunar og innbyggjarar. I tillegg kjem reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar, og 2 millionar kroner i hurtigløp-støtte til dei fem første kommunane.

– Støtta er ei anerkjenning av at kommunane har jobba effektivt og godt for å komme raskt i mål, og at dette gir meirverdi for andre kommunar, seier Kvandal.

Til dømes får Larvik og Lardal, som blir éin kommune, 52 millionar kroner i ferske pengar. Av desse er 25 millionar til eingongskostnader, 25 millionar i reformstøtte og 2 millionar for hurtigløp. (©NPK)

Til toppen