SAMARBEID: I 2013 inngjekk kulturskulen i Aurland eit samarbeid med kulturskulen i Oppdal. Det har vore så vellykka at no vil kulturskulane signere ein intensjonsavtale for dei neste ti åra, fortel Martin Hendriks. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAMARBEID: I 2013 inngjekk kulturskulen i Aurland eit samarbeid med kulturskulen i Oppdal. Det har vore så vellykka at no vil kulturskulane signere ein intensjonsavtale for dei neste ti åra, fortel Martin Hendriks. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Samarbeid om kulturskule så vellykka at dei vil binde seg for ti år

I 2013 inngjekk kulturskulen i Aurland eit samarbeid kulturskulen i Oppdal kommune. Det har vore så vellykka at no vil kommunane signere ein intensjonsavtale for ti år framover.

Aurland: Det var i 2013 at Aurland musikk- og kulturskule starta prosjektet «Ungdommen tilbake til kulturskulen». Med midlar frå Norsk kulturskuleråd knytta dei etter kvart til seg Oppdal kulturskule i Sør-Trøndelag. 

Tysdag signerer dei to kulturskulane under på ein intensjonsavtale for dei neste ti åra. 

– Me følte me hadde behov for litt sparring med ein kollega. Som liten kulturskule blir ein litt einsam sjølv om me driv bra her med 65 prosent dekning. Men me er kritiske til eige arbeid og såg at me mista ungdommane. Difor gjekk me inn for ei anna tilnærming, forklarar Martin Hendriks, tenesteleiar for kultur i Aurland kommune.

Utvekslar kunnskap og metodar

Han søkte difor om pengar hjå Norsk kulturskuleråd, der målet var å finna ein liknande kulturskule som heller sleit med det som aurlendingane var gode på. Kommunen fekk 25.000 kroner, og ikkje lenge etter var samarbeidet med Oppdal på plass.

– Me var heldige som trefte så godt. Eg trur krafta ligg i at dei er såpass langt vekke at me ikkje ser kvarandre i kvardagen, samstundes som dei ikkje er så langt vekke at det kostar ein haug med pengar å besøke dei. 

– Me utvekslar undervisningsmetodar og kunnskap. Me har til dømes ei Facebook-gruppe som me kan bruke til både moro og fagprat. Sidan 2013 har me besøkte kvarandre fleire gonger, og minst ein gong i året. 

Kulturskulen skal få eigen rammeplan

Sjølve signeringa skal markerast med ein felles konsert tysdag. Hit kjem også ordføraren, og sjølvsagt tek representantar frå Oppdal turen til Sogn. På toppen av dette skal dei også markere at det er 20 år sidan i år at Noreg fekk si eiga kulturskulelov, der tilbod om kulturskule vart noko alle kommunar skulle tilby.

For to år sidan vart det også bestemt at alle kulturskular skulle ha ein eigen rammeplan. Med gjengen frå Oppdal på besøk, blir det ein slags intern start på den planen også i neste veke.

– Dette er eit krav som kjem frå Norsk kulturskuleråd, ikkje departementet, men det gjer det endå betre. Kulturskulane er såpass ulike rundt om i landet, og det er ikkje bra. Dette blir ein slags intern start på det arbeidet slik at den overordna planen får lokale innspel før den skal gjennom ei politiske handsaming i løpet av åra som kjem, fortel Hendriks. 

Til toppen