SAMARBEID: Sogndal Fotball og Kaupanger IL skal samarbeida meir rundt damefotballen.
SAMARBEID: Sogndal Fotball og Kaupanger IL skal samarbeida meir rundt damefotballen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Samarbeider om felles lag for å leggja betre til rette for damefotballen

Sogndal Fotball og Kaupanger IL har blitt einige om ei felles satsing på damefotballen.

Kaupanger/Sogndal: Ei arbeidsgruppe sett saman av medlemmar frå Sogndal, Kaupanger og NFF har blitt samde om at Sogndal Fotball og Kaupanger IL skal samarbeide tettare. Klubbane ønskjer å leggja betre til rette for ei felles satsing på damefotball.

I ei pressemelding kjem det fram at arbeidsgruppa har sett på korleis eit slikt samarbeid kan bli. Det har mellom anna blitt sett på korleis andre klubbar i toppfotballen i Norge har løyst dette. I tillegg har det vore med ei referansegruppe beståande av representantar frå begge klubbane, naboklubbar, krins og fotballforbundet.

Mål om å vera eitt lag i 2021

Det har blitt utarbeidd ein samarbeidsavtale med eit mål om å løfte satsinga på damefotballen. I 2021 skal Sogndal og Kaupanger vera to ulike lag, men med eit tettare samarbeid i forhold til å nytte fasilitetar og kompetanse på Campus Sogndal.

Målet er å gjera treningskvardagen til damene så god som mogleg.

– Styret i Sogndal Fotball har teke godt i mot oss og me har hatt gode diskusjonar rundt dette. Me vurderte om ein allereie i 2021 kunne slått saman damesatsinga i klubbane, men me slo det frå oss grunna både tekniske årsaker og korte tidsfristar, seier Åse Neraas, leiar i arbeidsgruppa og styremedlem i Kaupanger.

Ho legg til at dei difor har bestemt seg for at Kaupanger spelar i 2. divisjon, og Sogndal spelar i 3. divisjon. Så jobbar dei vidare med å vurdere ulike modellar med mål om å vera eitt lag i 2022.

– Sogndal ønskjer å leggja betre til rette for damefotball. Me ser korleis utviklinga går både nasjonalt og internasjonalt, og jentene fortener å ha moglegheit til å utvikla seg som fotballspelarar og spela på eit høgast mogleg nivå, òg i vår region. Når me no inngår ein avtale om eit tettare samarbeid med Kaupanger, og held fram prosessen for å sjå kva moglege samarbeidsmodellar som kan finnast fram mot 2022, viser me at me meiner noko med dette, seier Jan Rune Årøy, styreleiar i Sogndal fotball.

– Fotball er kjensler

Arbeidsgruppa held fram arbeidet, og det blir jobba for å finansiere ei prosjektstilling som kan leia prosessen framover saman med arbeidsgruppa.

– Fotball er kjensler. Det å bruka eit år på å jobbe oss tettare saman trur me er lurt. Me håpar at alle som er glade og interesserte i damefotball er med for å gi jentene endå betre moglegheiter framover, seier Neraas.

Arbeidsgruppa har bestått av Vegard Fusche Moe (Sogndal), Margrethe Svidal (Sogndal), Katrine Wolff Bolseth (Sogndal), Åse Neraas (Kaupanger), Heidi-Kathrin Osland (Kaupanger) og Henrik Furebotn (NFF Sogn og Fjordane).

Til toppen