FJELLTURISME: Valdres er eit av tre dalføre som samarbeider i Mountains of Norway-prosjektet. Samarbeidet mellom dalføra skal få fleire turistar til å oppsøke destiansjonar i området, som til dømes Bygdin. Foto: Wikimedia Commons cc-by-2.0
FJELLTURISME: Valdres er eit av tre dalføre som samarbeider i Mountains of Norway-prosjektet. Samarbeidet mellom dalføra skal få fleire turistar til å oppsøke destiansjonar i området, som til dømes Bygdin. Foto: Wikimedia Commons cc-by-2.0

Samarbeider om fjellturistar

Valdres, Hallingdal og Gudbrandsdalen går saman for å sørgje for at fleire utanlandske turistar besøkjer regionen. 

Bak namnet Mountains of Norway finn ein ei rad reiselivsorganisasjonar som no går saman for å syte for at Gudbrandsdalen, Valdres og Hallingdal blir ein heilårsdestinasjon og kan lokke fleire internasjonale turistar. Avtalen om Mountains of Norway er eit treårig samarbeid mellom Visit Geilo, Visit Valdres, Nasjonalparkriket Reiseliv i Gudbrandsdalen og fylkeskommunane i Buskerud og Oppland. I tillegg er 20 reiselivsbedrifter med på laget, skriv Hallingdølen.  

Dei tre dalføra kjem til å marknadsføre langrenn, fjellvandring, rafting og klatring. For tal frå Innovasjon Noreg viser at 71 prosent av dei utanlandske turistane som er på ferie i Noreg ynskjer seg ein aktiv ferie. 

1. mars startar Eirik Høyme Rogn i stillinga som blir kalla fjellseljar. Rogn har bakgrunn frå Vinjerock og var elles kultur- og utdanningssjef under Ungdoms-OL på Lillehammer i fjor. I det første driftsåret har prosjektet 2, 5 millionar kroner til rådvelde etter blant anna løyvingar frå fylkeskommunane på til saman 1,5 millionar. Dei tre reiselivsselskapa og dei 20 reiselivsbedriftene står for resten av startkapitalen. (©NPK)

Til toppen